[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Mellomjura: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Addbot (diskusjon | bidrag)
s robot: fjerna 1 interwikilenkjer som er flytte til d:q500054Wikidata
Inkje endringssamandrag
 
Line 2: Line 2:


== Paleogeografi ==
== Paleogeografi ==
[[Pangaea]] byrja å dele seg i [[Laurasia]] og [[Gondwana]] og [[Atlanterhavet]] oppstod. Tektonisk aktivitet aust i Laurasia ved at [[Kimmeria]] kolliderar med sørkysten av Laurasia lukkar [[Paleo-Tethys-havet]] fullstendig.
[[Pangaea]] byrja å dele seg i [[Laurasia]] og [[Gondwana]] og [[Atlanterhavet]] oppstod. Tektonisk aktivitet aust i Laurasia ved at [[Kimmeria]] kolliderer med sørkysten av Laurasia lukkar [[Paleo-Tethys-havet]] fullstendig.


== Liv ==
== Liv ==

Siste versjonen frå 19. juli 2013 kl. 23:10

Mellomjura (i geologi kalla midtre jura, i Europa ofte kalla dogger) er den andre av tre epokar i perioden jura. Han varte i perioden frå 176 til 161 millionar år sidan.

Paleogeografi

[endre | endre wikiteksten]

Pangaea byrja å dele seg i Laurasia og Gondwana og Atlanterhavet oppstod. Tektonisk aktivitet aust i Laurasia ved at Kimmeria kolliderer med sørkysten av Laurasia lukkar Paleo-Tethys-havet fullstendig.

Sjødyra blømde i løpet av denne epoken med dyr som ammonittar og toskjela skaldyr. Fiskeøgler er framleis vanlege, men er ikkje like mangfaldige som tidlegare, medan marine rovdyr som pliosaurar voks til same storleik som spekkhoggarar og større. Svaneøgler vart vanlege på denne tida og metriorhynchide krokodillar dukkar opp for første gong.

På land utvikla nye dinosaurtypar seg, som cetiosaurus, brachiosaurus, megalosaurus og hypsilophodontar.

Etterkomarar av therapsidar, cynodontar, treivst framleis ved sidan av dinosaurane, sjølv om dei stort sett var på storleik med mus. Ei gruppe cynodontar, trithelodontar, vart sjeldnare og døydde til slutt ut mot slutten av epoken. Tritylodontar var framleis vanlege. Det var i denne epoken at dei «verkelege» pattedyra utvikla seg.

Jura
Tidleg/nedre jura Mellomjura Øvre/sein jura
Hettangium | Sinemurium
Pliensbachium | Toarcium
Aalenium | Bajocium
Bathonium | Callovium
Oxfordium | Kimmeridgium
Tithonium