Australsule
Australsule | |
Australsule Foto: JJ Harrison
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Australsule | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sulefuglar Suliformes |
Familie: | Sulefamilien Sulidae |
Slekt: | Morus |
Art: | Australsule M. serrator |
Vitskapleg namn | |
Morus serrator |
Australsule (Morus serrator, før Sula bassana) er ein stor sjøfugl i sulefamilien som hekkar i Australia og på New Zealand. Dette er ein av tre artar i slekta Morus som òg samlar havsule og kappsule.
Skildring
Australsule har kroppslengd på 89 centimeter og veg 2,3 kilogram i gjennomsnitt.[1] Vaksne har mest kvit farge i fjørdrakta, vengefjørene ved vengespissane og bakkanten av vengen er svarte. Dei sentrale halefjørene er òg svarte. Oversida av hovudet er gult, og nebbet bleikt blågrått, kanta i svart. Dei har lysblå augering.
Unge fuglar har spraglete fjørdrakt i det første leveåret, mørk på oversida og lys under. Hovudet er ein mellomgrått, med eit mørkt nebb. Fjørdrakta vil gradvis gå over til meir kvitt i påfølgjande sesongar før dei er mogne etter fem år.
Hekkehabitatet er på øyane utanfor Victoria, Tasmania og New Zealand. Normalt hekkar dei i store koloniar på øyar nær kysten. Eit stort unntak er ein verna koloni på 5000 par på Cape Kidnappers, Nordøya på New Zealand. Der er òg koloniar på fastlandet på Muriwai og Farewell Spit,[2] sistnemnde staden er på nordvestspissen av Sørøya.
Para kan halde saman over fleire sesongar. Dei utfører omfattande helsingsritual ved reiret, strekkjer nebba og halsen opp og slår nebba forsiktig mot kvarandre. Dei vaksne held seg i hovudsak nær koloniane, medan dei yngre fuglane spreier seg.
Desse fuglane er stupdukkarar og spektakulære fiskarar, dei stuper ned i havet i høg fart. Dietten er hovudsakleg blekksprut og fisk som går i stim nær overflata.
Populasjonen av australsule har vore aukande sidan 1950, sjølv om nokre koloniar har forsvunne og andre har fått redusert i storleik.
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Australasian Gannet» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2012
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Morus serrator Arkivert 2015-10-23 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 16. juli 2012
Referansar
- ↑ Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- ↑ Maggy Wassilieff. New Zealand's main gannet colonies, 'Gannets and boobies', Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand. Wellington: Ministry for Culture and Heritage. Updated 2 March 2009.
Bakgrunnsstoff
- Videoar, bilete og lydopptak av australsula hos Internet Bird Collection