Alexander Wendt
Alexander Wendt | |||
Fødd | 12. juni 1958 Mainz | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA, Tyskland | ||
Område | internasjonale relasjonar | ||
Yrke | statsvitar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Yale University University of Chicago | ||
Alma mater | University of Minnesota Macalester College |
Alexander Wendt (fødd 12. juni 1958) er ein amerikansk statsvitar som er den mest kjende forskarane og fremjarane av konstruktivisme innanfor internasjonal politikk. Wendt utfordra den dominerande teorien innanfor fagfeltet, strukturell realisme (òg kjend som neorealisme), ved å visa til at det systemet neorealistane meinte var sanninga faktisk var sosialt konstruert.[1]
Bakgrunn
Alexander Wendt vart fødd i 1958 i Mainz i Vest-Tyskland. Han gjekk på videregåande skule i St. Paul i Minnesota og studerte statsvitskap og filosofi ved Macalester College før han fekk sin doktorgrad i statsvitskap frå University of Minnesota i 1989.[2] Wendt underviste ved Yale University frå 1989 til 1997, ved Dartmouth College frå 1997 til 1999, ved University of Chicago frå 1999 til 2004, og ettertid som Ralph D. Mershon-professor i internasjonal sikkerheit ved Ohio State University.[1]
Heider
I ei undersøking utført i 2006 av US and Canadian international relations scholars vart Wendt kåra til den forskaren som hadde gjord det mest interessante arbeidet innan internasjonale relasjonar i dei siste åra.[3] I ei undersøking frå 2011 av international relations scholars worldwide vart Wendt kåra til den forskaren som hadde laga det beste arbeidet innan fagfeltet IR i dei siste 20 åra.[4]
Social Theory of International Politics
Den mest kjende boka til Wendt Social Theory of International Politics frå 1999, som bygde på og utdjupa hans 1992 artikkel «Anarchy is What States Make of It». Denne boka var eit motsvar på verket til Kenneth Waltz frå 1979, Theory of International Politics. I likskap med Waltz meinte Wendt at statar vart individualiserte som fylgje av innanlandske prosessar som kravde ein separat teori frå internasjonale relasjonar; dimed: «Much of the construction is at the domestic level, as Liberals have emphasized, and a complete theory of state identity needs to have a large domestic component.»[5]
Social Theory of International Politics fremja eit argument om kritisk realisme, og konstruktivismens ontologiske og metodiske påstandar. Kritisk realisme, som viser til arbeidet til Roy Bhaskar m.fl., søkte å forklåra det uobserverbare og konstituerande spørsmål i verda.[5]
Konstruktivismen, såleis han vart førestilt av Wendt, var rolla til grunnleggande og regulerande normer i statens åtferd, rolla av intersubjektive sosiale strukturar i identitet og krafta til idéane. Anarki, for Wendt, «has no logic apart from process and that interaction is structured, albeit not at the macro-level.»[5] Det er tre empiriske anarkikulturar i internasjonale relasjonar: Hobbesian (der fiendskap dominerer), Lockean (der rivalisering dominerer) og Kantian (der venskap dominerer).[6]
Quantum Mind and Social Science
I boka til Wendt frå 2015, Quantum Mind and Social Science, undersøkte han krysningspunktet mellom kvantefysikk og samfunnsvitskap. Her tok han til orde for panpsykisme og kvantemedvit frå eit ikkje-spesialistperspektiv. Boka var provokativ og fekk varierte tilbakemeldingar.[7]
Mathias Albert i International Affairs forklåra boka til Wendt som den veikaste boka som hadde forsøkt å knyta kvantefysikk til samfunnsvitskap og når det galdt å adressera agent-struktur-problemet, i tillegg til at ho berre i liten grad heldt seg til internasjonale relasjonar.[7] Omtalene i boka inkluderte Colin Wights «Do I agree with it? No.» og Jerome Busemeyers «Some of these ideas may ultimately not be supported».[8]
Verk
Bøker
- Social Theory of International Politics (1999) Cambridge University Press. ISBN 0-521-46960-0
- Quantum Mind and Social Science Unifying Physical and Social Ontology. (2015) Cambridge University Press. ISBN 9781107442924
Kapittel i publikasjonar
- «Institutions and International Order.» (1989: med Raymond Duvall) i Global Changes and Theoretical Challenges redigert av E. Czempiel, & J. Rosenau. Lexington, Mass.: Lexington Books.
- «The International System and Dependent Militarization» (1992: med Michael Barnett), i Brian Job, ed., The Insecurity Dilemma: National Security of Third World States, Boulder: Lynne Rienner, s. 97–119.
- «Norms, Identity and Culture in National Security» (1996: med Ronald Jepperson & Peter Katzenstein), i Katzenstein, ed., The Culture of National Security, New York: Columbia University Press, s. 33–75.
- «What is IR For?: Notes Toward a Post-Critical View» (2000) i Richard Wyn Jones, ed., Critical Theory and World Politics, Boulder: Lynne Rienner, s. 205–224.
- «Rationalism v. Constructivism: A Skeptical View» (2002: med James Fearon) i Handbook of International Relations, redigert av W. Carlsnaes, T. Risse, & B. Simmons. London: Sage.
- «'Social Theory' as Cartesian Science: An Auto-Critique from a Quantum Perspective.» (2006) i Constructivism and International Relations, redigert av Stefano Guzzini & Anna Leander. London: Routledge.
- «Flatland: Quantum Mind and the International Hologram» (2010) i New Systems Theories of World Politics, redigert av Mathias Albert, Lars-Erik Cederman & Alexander Wendt. New York: Palgrave Macmillan.
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 «Alexander Wendt | American political scientist and educator | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 9. februar 2023
- ↑ «Alexander Wendt», polisci.osu.edu (på engelsk), henta 9. februar 2023
- ↑ Susan Peterson et al. «The View from the Ivory Tower: TRIP Survey of International Relations Faculty in the United States and Canada» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 7. juni 2010. Henta 29. desember 2010. College of William and Mary, Williamsburg. February 2007.
- ↑ «TRIP AROUND THE WORLD: Teaching, Research, and Policy Views of International Relations Faculty in 20 Countries» (PDF).
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Wendt (1999). Social Theory of International Politics (PDF). s. 21.
- ↑ Wendt (1999). Social Theory of International Politics (PDF). s. 20.
- ↑ 7,0 7,1 Albert, Mathias (Juli 2015). «Quantum mind and social science: unifying physical and social ontology. By Alexander Wendt». International Affairs 91 (4): 872–874. doi:10.1111/1468-2346.12348.
- ↑ Wendt, Alexander (2015). Quantum Mind and Social Science (1 utg.). Cambridge University Press. ISBN 978-1107442924.
- Denne artikkelen bygger på «Alexander Wendt» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2023.
Litteratur
- Copeland, Dale C. «The Constructivist Challenge to Structural Realism: A Review Essay» International Security Vol. 25, No. 2 (hausten, 2000), s. 187–212.
- Wendt, Alexander (1999). Social Theory of International Politics. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-46960-9.
- Wylie, Gillian. «International Relations' via Media: Still under Construction» International Studies Review Vol. 2, No. 3 (hausten, 2000), s. 123–126.