[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Buckinghamshire: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Luckas-bot (diskusjon | bidrag)
s r2.7.1) (robot la til: gl:Buckinghamshire
EmausBot (diskusjon | bidrag)
Line 93: Line 93:
[[sk:Buckinghamshire]]
[[sk:Buckinghamshire]]
[[fi:Buckinghamshire]]
[[fi:Buckinghamshire]]
[[th:บักกิงแฮมเชอร์]]
[[th:บัคคิงแฮมเชอร์]]
[[tr:Buckinghamshire]]
[[tr:Buckinghamshire]]
[[uk:Бакінгемшир]]
[[uk:Бакінгемшир]]

Versjonen frå 16. mai 2012 kl. 13:30

Buckinghamshire
grevskap
Land  England
Region Søraust-England
Areal 1 874 km²
Folketal 725 400  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonieltog ikkje-metropolitansk grevskap
Kart
Buckinghamshire
51°46′00″N 0°48′00″W / 51.766666666667°N 0.8°W / 51.766666666667; -0.8
Wikimedia Commons: Buckinghamshire

Buckinghamshire er eit seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap i Søraust-England. Hovudbyen er Aylesbury og den største byen i det seremonielle grevskapet er Milton Keynes.

Området er underlagt Buckinghamshire grevskapsråd og er delt inn i fire distrikt - Aylesbury Vale, Chiltern, South Bucks og Wycombe. Milton Keynes er ei einskapleg styresmakt og er ein del av grevskapet for forskjellige funksjonar som statthaldar, men er ikkje underlagt grevskapsrådet. Det seremonielle grevskapet, inkludert Milton Keynes, grensar til Stor-London, Berkshire, Oxfordshire, Northamptonshire, Bedfordshire og Hertfordshire.

Historie

Namnet Buckinghamshire er av anglosaksisk opphav og tyder «Distriktet (scire) til heimen til Bucca» Bucca's home syner til Buckingham nord i grevskapet og er kalla opp etter ein anglosaksisk landeigar. Grevskapet har hatt dette nament sidan om lag 1100-talet, men sjølve grevskapet har eksistert sidan kongedømet Mercia (585–919).

Historia til området går tilbake til tida før anglosaksarane og har ei rik soge som startar i dei keltiske og romerske periodane. Det er deriomt anglosaksarane som har sett mest preg på Buckinghamshire. Geografien på landsbygda i grevskapet er omtrent som det var under anglosaksarane. Seinare vart Buckinghamshire eit viktig politisk område og Kong Henrik VIII blanda seg inn i den lokale politikken på 1500-talet, og hundreår seinare vart visstnok den engelske borgarkrigen starta av John Hampden sentralt i Buckinghamshire.[1]

Historisk skjedde dei største endringane i grevskapet på 1800-talet då landsbygda her vart råka av både kolera og svolt. Dette tvang bøndene inn i større byar for å finne arbeid. Dette endra ikkje berre den lokale økonomien, men gjorde at landområda gjekk på billigsal i ein periode då dei rike i England vart meir mobile. Buckinghamshire vart dermed ein populær landleg idyll, ein førestelnad som framleis finst i dag. Mange innbyggjarar i Buckinghamshire jobbar i London og dette har medverka til velstand i grevskapet, men det finst òg mindre velståande område.[2]

Bakgrunnsstoff

Kjelder