Edvaldo Izídio Neto
Edvaldo Izídio Neto | |
Statsborgarskap | Brasil |
Fødd | 12. november 1934 Recife |
Død | 19. januar 2002 (67 år) Rio de Janeiro |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1962, VM i fotball 1958, Sommar-OL 1952 |
Edvaldo Izídio Neto (12. november 1934–19. januar 2002), til vanleg berre kalla for Vavá, var ein brasiliansk fotballspelar som vart verdsmeister for Brasil i 1958 og 1962. Han var midtspiss med stor gjennombrotskraft. På klubbnivå spelte Vavá for mellom andre Vasco da Gama, Atlético Madrid, Palmeiras og América.
Landslagsspel
Vavá debuterte for Brasil i 1955. Dei neste ni åra fekk han med seg 20 landskampar, men skåra heile 15 mål for landslaget. I VM-finalen 1958 skåra han begge Brasils mål i fyrste omgang, ein finale som enda med at Brasil vart verdsmeister for fyrste gong. Også i 1962-finalen kom han på skåringslista i finalen då han la på til 3-1, noko som vart sluttresultat i kampen mellom Brasil og Tsjekkoslovakia. Vavá skåra høvesvis 5 og 4 mpl i dei to VM-turneringane.
Klubbspel
Vavá debuterte for SC Recife i heimbyen. Knapt 17 år gammal byrja han i Vasco da Gama, der han vert verande i sju år. Etter fotball-VM i 1958 vart han overført til spanske Atlético Madrid og spelte i klubben i tre sesongar. Han reiste heim til Brasil i 1961 og var Palmeiras-spelar til utgangen av 1963. Frå 1964 til 1967 gjorde han tenste i den meksikanske storklubben América. Før han la opp i 1969 var han innom tre mindre klubbar.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Vavá» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2014.