[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Luigi Boccherini: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag)
s Endrer 'commonscat' til 'commonscat'
Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag)
s Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida
Line 34: Line 34:
== Bakgrunnsstoff ==
== Bakgrunnsstoff ==
{{Commonskat|Luigi Boccherini}}
{{Commonskat|Luigi Boccherini}}
{{Autoritetsdata}}


[[Kategori:Folk frå Lucca]]
[[Kategori:Folk frå Lucca]]

Versjonen frå 21. mars 2016 kl. 20:30

Luigi Boccherini

Fødd19. februar 1743
FødestadLucca i Italia
Død28. mai 1805 (62 år)
DødsstadMadrid i Spania
OpphavRepublic of Lucca
PeriodeKlassisismen
SjangerSolokonsertar, symfoniar, kammermusikk
Verka somKomponist og cellist

Luigi Boccherini 19. februar 174328. mai 1805 var ein italiensk komponist og cellist som busette seg i Spania.

Liv

Buccherini vart fødd i Lucca i Italia inn i ein musikalsk familie. Far hans spelte cello og kontrabass og var den første kontrabassisten som gjorde solokonsertar.[1] Far hans gav sonen celloleksjonar då guten var berre fem år gammal. Luigi heldt fram utdanninga si frå han var ni år gammal hos Abbé Vanucci, den musikalske leiaren i domkyrkja i San Martino. Då guten gjorde den første offentlege framføringa si, var det klart at han alt hadde vorte betre enn læraren sin. Han vart då sendt til Roma, der han gjekk i lære hos G. B. Costanzi, musikkleiaren i St. Peterskyrkja. Etter eitt år i Roma, vart Luigi og faren kalla til Wien, der dei fekk hyre i det keisarlege teaterorkesteret.

Dei første verka til Boccherini vart publiserte då han var 17 år gammal. I 1765 reiste Boccherini og faren til Milano, som på denne tida trekte til seg talentfulle musikarar. Det var her han skreiv den første strykekvartetten sin. Same året byrja Boccherini å merke skrantande helse, noko som skulle plage han resten av livet, og året etter døydde faren. Han danna ein ny partnarskap med fiolinisten Filippo Manfredi. Dei turnerte Italia i 1767 og reiste så til Paris, der dei vart ein sensasjon. I Paris publiserte Boccherini fleire verk, inkludert ei samling av seks strykekvartettar. Etter suksessen der starta Boccherini å skrive og publisere verk i høgt tempo.

I 1769 reiste Boccherini og Manfredi til Spania, der komponisten møtte stor hyllest. Boccherini starta så på ein ny sjanger, strykekvintetten. Han vart faktisk mest kjend for desse verka, skrivne for strykekvartettar med ein ekstra cello. Boccherini hadde no ei fast inntekt i Spania og gifta seg i 1771.

Kona til Boccherini døydde av slag i 1785. Same året døydde den spanske vernaren hans, erkebiskop Don Luis, og Boccherini vart arbeidslaus. Han trygla kong Karl om ei musikalsk stilling. Karl gav han pensjon og forskjellige musikalske oppgåver. I 1786 fekk Boccherini stillinga som «Komponist for kammeret vårt» av Fredrik Wilhelm, som snart skulle verte konge av Preussen. Sjølv om han skreiv det meste av den nye musikken sin for Friedrich Wilhelm, vart Boccherini verande i Spania, der han skreiv den einaste operaen sin, La clementina.

I 1787 gifta Boccherini seg på ny. I 1796 gjekk han inn i ein avtale med utgjevaren, komponisten og pianobyggjaren Ignaz Pleyel, som både hylla og publiserte verka til Boccherini, medan han lurte han for inntektene. I februar 1803 skal Boccherini ha levd i naud, men dette kom truleg av depresjon og ikkje økonomiske vanskar, for i 1802 døydde to av døtrene hans frå ein epidemi, berre få dagar etter kvarandre. I 1804 døydde både kona og den einaste gjenlevande dottera hans. Det virkar klårt at sjølv om Boccherini komponerte like til slutten, så hadde han lite å leve for, og 28. mai 1805 døydde han av det som vart skildra som «lungekvelning».[1] Han vart gravlagd i San Justo-kyrkja i Madrid. I 1927 vart leivningane hans grave opp og flytta til San Francesco-kyrkja i heimbyen Lucca.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Luigi BoccheriniAllmusic av All Music Guide. Henta 22. juli 2010.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Luigi Boccherini