Lady Samantha
Lady Samantha Singel av Elton John | ||
B-side |
«All Across the Havens» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. januar 1969 | |
Innspelt | Desember 1968 DJM Studios | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 3:04 | |
Selskap | Philips (UK 1969) DJM Records (US 1969) | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Produsent | Steve Brown | |
Elton John-kronologi | ||
«I've Been Loving You» (1968) |
Lady Samantha | «It's Me That You Need» (1969)
|
«Lady Samantha» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin. Han vart gjeven ut den 17. januar 1969, seks månader før debutalbumet Empty Sky kom ut. Songen vart gjeven ut som bonusspor på dette albumet i 1995.
Den første singelen til Elton John, «I've Been Loving You», gjorde det ikkje bra i Storbritannia. Det gjekk ikkje noko betre med denne, men fekk god omtale av kritikarane. Songen vart spelt ein del på radio, men selde heller dårleg. Det var den siste singelen til John på Philips og den første singelen han gav ut i USA, på DJM, men han selde dårleg òg der. Han vart gjeven ut på ny eitt år seinare, på Congress, men gjekk ikkje på listene den gongen heller.
Songen vart gjeven ut som B-sida på DJM-utgåva av singelen «Rocket Man» i 1972, og igjen på samlealbumet til DJM kalla Lady Samantha i 1980.
Andre versjonar
Den amerikanske rockegruppa Three Dog Night spelte inn songen i 1969 på det andre albumet deira Suitable for Framing.
Medverkande
- Elton John - elektrisk piano, orgel, vokal
- Caleb Quaye - gitar
- Tony Murray - bass
- Roger Pope - trommer
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lady Samantha» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2011.