Leonard Woolley
Utsjånad
Leonard Woolley | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia |
Fødd | 17. april 1880 Upper Clapton |
Død |
20. februar 1960 (79 år) |
Yrke | antropolog, arkeolog, assyriolog |
Språk | engelsk |
Far | George Herbert Woolley |
Mor | Sarah Cathcart |
Ektefelle | Katharine Woolley |
Leonard Woolley på Commons |
Sir Leonard Woolley (17. april 1880–20. februar 1960) var ein britisk arkeolog. Han leia fleire utgravingar i Egypt (Tell el-Amarna), Nubia, Tyrkia (Alalakh), Syria (Karkemisj, saman med T. E. Lawrence) og Mesopotamia, og vart særleg kjend for det banebrytande arbeidet sitt i Ur. Han vert rekna for å vere den første «moderne» arkeologen, og vart slått til riddar i 1935
Han gav mellom anna ut The Sumerians (1928), Ur of the Chaldees (1929 og seinare utgåver), Digging up the Past (1930), Ur Excavations (10 bind, 1927–55), The Development of Sumerian Art (1935) og Spadework (1953).
Kjelder
«Leonard Woolley» av Herman Ludin Jansen i Store norske leksikon, snl.no.