Shoubak
Shoubak | |||
مدينة الشوبك | |||
by | |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ma'an guvernement | ||
Høgd | 1 330 moh. | ||
Koordinatar | 30°31′53″N 35°33′39″E / 30.53139°N 35.56083°E | ||
Areal | 15 km² | ||
Folketal | 12 500 (2004)[1][2] | ||
Folketettleik | 833 / km² | ||
kommune sidan | 2001 | ||
Tidssone | GMT +2 | ||
Retningsnummer | +(962)3 | ||
Shoubak 30°31′12″N 35°32′19″E / 30.52°N 35.538611111111°E | |||
Kart som viser Shoubak.
| |||
Wikimedia Commons: Shoubak | |||
Nettstad: http://shoubak.gov.jo |
Shoubak (arabisk الشوبك) er ein by som ligg nordvest i Ma'an guvernement i Jordan. Han har eit folketal på 12 500 og er ein av dei høgastliggande busetnadane i Jordan, 1330 meter over havet. Kommunen er kjend for dyrking av eple og anna frukt. Krossfararborga Montreal ligg i Shoubak.
Historie
Shoubak vart først busett av edomittar som hadde hovudstaden sin i Busaira i Tafilah guvernement. Han vart så busett av nabatearane.
Shoubak er kjend for krossfararborga Montreal. I lag med Petra og Akaba, dannar Shoubak ein del av trekanten som ligg langs krossvegane mellom Syria, Saudi-Arabia og Egypt.
Shoubak nådde toppen av glanstida si etter Baldwin I av Jerusalem tok kontroll over staden, og kutta røtene mellom Egypt og Syria. Montrealborga vart bygd på toppen av ein ås der i 1115. Shoubak vart så annektert av Ajjubide-dynastiet av Saladin i 1187.
Geografi og klima
Shoubak ligg i området nær Tafilah guvernement i nord og Akaba guvernement i vest. På grunn av høgda er Shoubak kjend for dei kalde vintrane. Byen ligg òg nær Den arabiske ørkenen og har derfor varme, tørre somrar. Årsmiddelnedbøren i Shoubak er kring 150-350 mm.
Økonomi
Jordbruk er hovudnæringa i Shoubak, etterfølgd av turisme. Høgda gjer Shoubak høvande for å dyrke oliven, grønsaker og frukt, hovudsakleg eple. Byen er òg ein stor produsent av honning.[3]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Shoubak» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad Arkivert 2010-05-22 ved Wayback Machine.