Allis-Gleaner Company Corporation
Utsjånad
(Omdirigert frå AGCO)
Allis-Gleaner Company Corporation (AGCO Corporation) er eit føretak som produserer landbruksmaskinar. AGCO vart stifta i 1990, då Klöckner-Humboldt-Deutz la ned den nordamerikasnke dotterselskapet Deutz-Allis og nokre av dei tilsette tok over det og stifta AGCO[1]. Føretaket har sidan kjøpt opp fleire kjente traktor, skurtreskar og andre landbruksmaskinprodusentar.
Merke eigd av AGCO
[endre | endre wikiteksten]- AGCO Tractors: traktorar marknadsførte i Nordamerika
- AGCO-Allis Tractors: traktorar marknadsførte i Søramerika
- AGCO Gleaner: skurtreskarar
- AGCO Sunflower: horver og radreinskarutstyr
- Challenger: gummibeltetraktorar, skurtreskarar, slåttemaskinar
- Farmhand: lastemaskinar
- Fendt: traktorar
- Glencoe: horver
- Hesston (AGCO Heston og Masset-Ferguson Heston): forhaustarar
- Massey Ferguson: traktorar, skurtreskjarar og andre jordbruksmaskinar
- Maxion: graveaggregat og gaffeltruckar
- SisuDiesel: dieselmotorar i storleik 50 - 400 hk
- Spra-Coupe: åkersprøyter
- Tye: horver og såmaskinar
- Valtra: traktorar
- White: såmaskinar
- Willmar: åkersprøyter og anna utstyr
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ N. Swinford, The proud heritage of AGCO tractors, American Society of Agricultural Engineers, 1999.