Ornö
Ornö | |||
øy | |||
Ornö kyrkje
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Stockholms län | ||
Kommune | Haninge kommun | ||
Del av | Stockholms skjergard | ||
Stad | Stockholms skjergard | ||
- koordinatar | 59°03′N 18°24′E / 59.050°N 18.400°E | ||
Lengd | 15 km | ||
Breidd | 3−4 km | ||
Areal | 48,99 km² | ||
Folketal | 300 | ||
Ornö 59°04′00″N 18°25′00″E / 59.066666666667°N 18.416666666667°E | |||
Kart som viser Ornö.
| |||
Wikimedia Commons: Ornö |
Ornö er den største øya sør i Stockholms skjergard, like nord for øya Utö. Ho høyrer til kommunen Haninge. Øya er kring 15 km lang og 3–4 km brei.
Hovudsambandet til fastlandet er ei bilferje operert av Ornö Sjötrafik. Ferja går mellom Dalarö på fastlandet og Hässelmara nordvest på Ornö. Det bur om lag 300 menneske på øya året rundt, men om sommaren vert dette talet mangedobla.
Kvart år i slutten av mai, vert den største seglasen i Stockholms skjergard finn stad kring øya. Denne vert kalla Ornö runt og er open for alle.
Ornö har fram til nyleg vore eit militært verna område og utlendingar har ikkje hatt lov å opphalde seg på eller ved øya. På grunn av dette er øya ukjend utanlands og har få turistar. I 1997 vart det opna for utanlandske turistar på nesten heile øya. Det er derimot framleis stader ein ikkje kan gå i land, ankre opp, dykke eller ta bilete.
Den svenske sjøredningstenesta sin båt «Dronning Silvia» er stasjonert i Kyrkviken. Mannskapet består av frivillige frå øya.
Den vakre Ornö kyrkje, vart teikna av arkitekt Pehr Ulrik Stenhammar. Ho ligg på ei høgd ovanom Kyrkviken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ornö» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ornö runt
- Turisme
- Ornö Sjötrafik Arkivert 2008-10-25 ved Wayback Machine.
- Ornö Båtvarv