Abqaiq
Abqaiq (arabisk بقيق, Biqayq) er eit inngjerda bustadområde og oljeterminal for Saudi Aramco i Austprovinsen i Saudi-Arabia, ørkenen 60 km sørvest for storbyområdet Dhahran-Dammam-Khobar, og nord for Rub' al-Khali, den nest største sandørkenen i verda, som òg vert kalla «Den tomme fjerdelen». Samfunnet vart bygd i 1940-åra av Aramco (no Saudi Aramco). Abqaiq hadde kring 1 500 innbyggjarar i 2012, men med folkesetnaden utafor Saudi Aramco-området er folketalet nærare 30 000.
Abqaiq | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Provins | Austprovinsen | ||
Koordinatar | 25°56′N 49°40′E / 25.933°N 49.667°E | ||
Folketal | 44 000 (2005) | ||
Grunnlagd | 1940 | ||
Borgarmeister | Saud bin Nayef Al Saud | ||
Postnummer | (5 tal) | ||
Retningsnummer | +966-13 | ||
Abqaiq 25°56′06″N 49°39′58″E / 25.935°N 49.666111111111°E | |||
Kart som viser Abqaiq.
| |||
Kart over Abqaiq
|
Terrorisme og tryggleik
endreAbqaiq var åstad for eit forsøk på eit terroriståtak av al-Qaida den 24. februar 2006 med oljeterminalen som mål.[1] Meldinga pressa oljeprisane opp 2 dollar. Øydeleggingane vart haldne attende av Saudi Aramco, som påstod at dei hadde løysingar som gjorde at dei kunne fortsette å produsere olje ved nær maks kapasitet.[2]
Eit moderat til kraftig åtak på Abqaiq kan redusere produksjonen frå 6,8 mill. fat per dag til 1 mill. fat per dag. Hovudføremålet med Abqaiq er å fjerne hydrogensulfid frå råolja og redusere damptrykket, slik at det vert trygt å frakte råolja i tankskip. Abqaiq er det største anlegget i verda for denne prosessen. Eit anna åtak vart stoppa i 2015.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Abqaiq» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Saudis 'foil oil facility attack'». BBC News. 24. februar 2006. Henta 8. april 2013.
- ↑ Al Rodhan, Khalid R. (27. februar 2006). «The Impact of the Abqaiq Attack on SaudiEnergy Security» (PDF). CSIS. Arkivert frå originalen (PDF) 15. september 2012. Henta 8. april 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Aramco Services Arkivert 2013-01-27 ved Wayback Machine. - bilete frå busetnaden