Aleksandr Kerzjakov
Aleksandr Anatoljevitsj Kerzjakov (fødd 27. november 1982 i Kingisepp i Leningrad oblast) er ein russisk fotballspelar som spelar som spiss for Zenit St. Petersburg i den russiske fotballigaen, og for det russiske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Aleksandr Anatoljevitsj Kerzjakov (russisk: Александр Анатольевич Кержаков) | ||
Fødd | 27. november 1982 | ||
Fødestad | Kingisepp | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Zenit St. Petersburg | ||
Nummer | 11 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2000-01 2001-06 2006-08 2008-09 2010- |
Svetogorets Zenit Sevilla Dinamo Moskva Zenit |
156 (64) 26 (8) 51 (20) 28 (13) | |
Landslag | |||
2002- | Russland | 52 (17) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. november 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 13. oktober 2010 |
Kerzjakov vart kåra til årets unge spelar i Russland i 2002. I 2010 vart han seriemeister i Russland med Zenit St. Petersburg. Han debuterte for Russland sitt A-landslag 27. mars 2002 i ein privatlandskamp mot Estland. Han var med i Russland sin tropp til fotball-VM i 2002, der han spelte éin kamp som innbytar. Han skåra det første landslagsmålet sitt i ein privatlandskamp mot Sverige 21. august 2002. Han var med i Russland sin tropp til fotball-EM i 2004, der han spelte éin kamp. Han var Russland sin toppskårar i kvalifiseringskampane til fotball-EM i 2008, med fem mål, men han var ikkje med i troppen til sjølve meisterskapen.
Kerzjakov er gift og har éi dotter. Veslebroren hans, Mikhail, er òg profesjonell fotballspelar, med U21-landskampar for Russland.