[go: nahoru, domu]

Amerikansk svartbjørn

pattedyrart

Amerikansk svartbjørn (Ursus americanus) er ein mellomstor bjørn som høyrer heime i Nord-Amerika. Arten er den minste på kontinentet, men den mest utbreidde. Bjørnen kan ha svart pels eller pelsfarge i ulike sjatteringar av brunt.[1]

Amerikansk svartbjørn
Amerikansk svartbjørn
Amerikansk svartbjørn
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Amerikansk svartbjørn
Utbreiinga av Amerikansk svartbjørn
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Bjørnefamilien Ursidae
Slekt: Ursus
Art: Amerikansk svartbjørn U. americanus
Vitskapleg namn
Ursus americanus

Svartbjørnen er ein altetar der kosten varierer mykje utifrå årstid og leveområde. Vanlegvis held svartbjørn til i skogsterreng, men kan forlate skogen om han er på jakt etter mat. Tidvis gjev svartbjørn seg til i busette område, sidan dei der kan ha enkel tilgang på føde. Amerikansk svartbjørn er den vanlegaste bjørnen på jordkloten.

Sitjande amerikansk svartbjørn
Amerikansk svartbjørn

Kjelder

endre
  1. Garshelis, D.L., Crider, D. & van Manen, F. 2008 «Ursus americanus». IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.4. <www.iucnredlist.org>.

Spire  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.