Bill Berry
William «Bill» Thomas Berry (fødd 31. juli 1958) er ein amerikansk musikar som er best kjend for at han var trommeslagar i alternativ rock-bandet R.E.M. i 17 år (frå 1980 til 1997), før han trekte seg tilbake og vart bonde. Utanom at han var fast trommeslagar, spela han også mange andre instrument, som gitar, bassgitar, mandolin, piano og keyboard, både ved låtskriving og på R.E.M.-platene. Etter at han gjekk ut av bandet, har han heldt ein låg profil og berre hatt sporadiske gjenforeiningar med R.E.M. og vore med på platene til andre artistar.
Bill Berry | |||
| |||
Fødd | 31. juli 1958 i Duluth i Minnesota i USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Duluth i Minnesota | ||
Fødenamn | William Thomas Berry | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1980–1997 | ||
Sjanger | Alternativ rock | ||
Instrument | Trommer, perkusjon, vokal, piano, akkustisk gitar, elektrisk gitar, bassgitar | ||
Tilknytte artistar | R.E.M. Hindu Love Gods | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, bonde |
Berry bidrog også til låtskrivinga, spesielt på «Everybody Hurts» og «Man on the Moon», begge frå plata Automatic for the People. Andre Berry-songar var «Perfect Circle», «Driver 8», «Can’t Get There from Here» og «I Took Your Name».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bill Berry» frå Wikipedia på engelsk, den 8. desember 2008.