[go: nahoru, domu]

Bobby Moore

britisk fotballspelar

Robert Frederick Chelsea Moore, kjend som Bobby Moore (12. april 194124. februar 1993), var ein engelsk fotballspelar, verdsmeister med England under VM på heimebane i 1966.

Bobby Moore
OBE
Moore i 1969
Personleg informasjon
Fullt namn Robert Frederick Chelsea Moore[1]
Høgd 5 ft 10 in[2][3][4]
Posisjon Forsvarsspelar
Ungdomsklubbar
Barking
1956–1958 West Ham United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1958–1974 West Ham United 544 (24)
1974–1977 Fulham 124 (1)
1976San Antonio Thunder (loan) 24 (1)
1978 Seattle Sounders 7 (0)
1978 Herning Fremad 9 (0)
1981 Eastern 0 (0)
1983 Carolina Lightnin' 8 (0)
Totalt 716 (26)
Landslag
1960–1962 England U23 9 (2)
1962–1973 England 108 (2)
Trenar for
1980–1981 Oxford City
1982–1983 Eastern
1984–1986 Southend United
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Moore, som var fødd i Barking, debuterte for West Ham United i september 1958. Fram til våren 1974 spelte han 544 ligakampar for London-klubben. Med West Ham vann han FA-cupen i 1964 og Cupvinnarcupen året etter. I mars 1974 vart Moore overført til byrivalen Fulham FC mot 25 000. Våren 1975 spelte Fulham seg fram til finalen i FA-cupen, der klubben møtte nettopp West Ham. Kampen enda med tap 0-2 for Moores nye klubb. Han gav seg i Fulham våren 1977 etter 124 ligakampar, alle i 2. divisjon.

Landslagsspel

endre

Moore spelte 108 landskampar for England i tida 1962 til 1973, i heile 90 av kampane var han kaptein. Han var med i verdsmeisterskapane 1962, 1966 og 1970. I 1966 fekk han æra av å leie England til VM-siger på Wembley med 4-2 over Vest-Tyskland etter ekstraomgangar. Han skåra to landslagsmål.

Merittar

endre
  • Verdsmeister: 1966 for England
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1965 med West Ham United
  • Vinnar av FA-cupen: 1964 med West Ham United
  • Finalist i FA-cupen: 1975 med Fulham FC
  • Finalist i den engelske ligacupen: 1966 med West Ham United
  • Britisk meister: 1965, 1996, 1968, 1969, 1971, 1973 for England

Moore døydde i London av kreft, 49 år gammal.

Kjelder

endre
  1. Hugman, Barry J., red. (2005). The PFA Premier & Football League Players' Records 1946–2005. Queen Anne Press. s. 436. ISBN 978-1-85291-665-7. 
  2. «Bobby Moore – Player Profile – Football». Eurosport UK (på engelsk). Henta 22. august 2022. 
  3. «Bobby Moore». worldfootball.net (på engelsk). Henta 22. august 2022. 
  4. Strack-Zimmermann, Benjamin. «Bobby Moore (Player)». www.national-football-teams.com (på engelsk). Henta 22. august 2022.