Dieter Lindner
Dieter Lindner (18. januar 1937–13. mai 2021) var ein tysk kappgjengar frå Nebra i Sachsen-Anhalt som i 1966 vart europameister på 20 km, to år etter han vann OL-sølv på same distansen.
Dieter Lindner | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 18. januar 1937 Nebra |
Død | 13. mai 2021 (84 år) Freyburg (Unstrut) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1956 Summer Olympics – men's 20 kilometres walk, athletics at the 1960 Summer Olympics – men's 20 kilometres walk, athletics at the 1964 Summer Olympics – men's 20 kilometres walk |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i bronse |
Lindner representerte det felles-tyske mannskapet då han i 1964 gjekk in til sølvmedalje på 20 km under Sommar-OL i Tokyo. To år seinare representerte han Aust-Tyskland ved europameisterskapen i Budapest, der han vann gullmedaljen framom to kappgjengarar frå Sovjetunionen, Volodimir Holubnitsjij og Nikolaj Smaga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dieter Lindner (Leichtathlet)» frå Wikipedia på tysk, den 11. juni 2019.