Henry Rinnan
Henry Oliver Rinnan (14. mai 1915–1. februar 1947) var ein norsk krigsforbrytar frå den andre verdskrigen.[1]
Henry Rinnan | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mai 1915 Levanger kommune |
Død |
1. februar 1947 (31 år) |
Yrke | krigsforbrytar |
Språk | norsk |
Medlem av | Rinnanbanden |
Henry Rinnan på Commons |
Rinnan var eldste son av ein skomakar frå Levanger. Under den andre verdskrigen bygde Rinnan opp eit nært samarbeid med den tyske okkupasjonsmakta. I Trondheim bygde han opp gruppa Sonderabteilung Lola, i tett samarbeid med det tyske tryggingspolitiet Gestapo i Trondheim. Gruppa skulle koma i kontakt og om mogleg verta ein del av den norske motstandsrørsla. Slik kunne dei avsløra kven som var med i heimefronten, og gje melding om det til tyskarane. Ein reknar med at fleire hundre vart torturert, og meir enn 80 menneske vart drepne.
Etter kvart fekk gruppa til Rinnan namnet Rinnanbanden. I det norske landssvikoppgjeret etter krigen vart Rinnan og elleve andre frå Rinnanbanden dømde til døden.[1] Rinnan vart dømt for 13 drap.[1] Henry Rinnan, Bjarne Jenshus, Aksel Mære, Harry Rønning, Harry Hofstad, Olaus Hamrun, Per Bergeen, Kristian Randal, Harald Grøtte og Hans Egeberg vart avretta ved skyting.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Skodvin, Magne (6. november 2018). «Henry Rinnan». Store norske leksikon (på norsk).