Idealisme
Idealisme er fleire ulike lærer som trur på eller søkjer etter ideal, noko perfekt, som anten kan vera førebilde for røyndommen eller brukast til å forbetra verda. Ein finn ulike former for idealisme innan filosofi, kunst og samfunnsliv. I daglegtalen blir «idealisme» og «idealist» mest brukt om moralsk idealisme.
Former for idealisme
endreInnan filosofi finst fire hovudformer for idealisme:
- Metafysisk idealisme, ein motsats til materialisme. Hevder at abstrakte tilhøve er til uavhengig av ting som kan sansast, og er meir verkelege enn dei.
- Sannkjenningsteoretisk idealisme, ein motsats til realisme. Hevder at røyndommen er avhengig av måten me oppfattar ting på. Han kan ikkje skiljast frå medvit og sannkjenning.
- Estetisk idealisme, ein motsats til formalisme. Venleik er til gjennom at det uttrykker ein (platonsk) idé i noko materielt.
- Moralsk idealisme, som seier at handling bør ha høgare grunnlag enn egoistiske eller sanselege motiv.
Representantar for idealisme
endreBlant dei gamle greske filosofane er Platon best kjend som ein idealist som hevda at det fanst ei idéverd som var meir verkeleg enn den bleike etterlikninga me lever i. Anaxagoras med sitt omgrep «nous» om ein uavhengig hug som ordna verda er eit anna døme på antikk idealisme.
Kjelder
endre- «idealisme» i Nynorskordboka.
- «Idealisme» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Idealism» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2010.