[go: nahoru, domu]

Ingusjetia[a] er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Magas. Ingusjetia er det minste føderasjonssubjektet i Russland, med unntak av byane Moskva og St. Petersburg. Republikken vart danna i 1991, då den tidlegare Tsjetsjeno-ingusjetiske republikken vart delt opp i Tsjetsjenia og Ingusjetia. I motsetning til Tsjetsjenia gjekk Ingusjetia friviljug med i den nye russiske føderasjonen. Republikken vart dermed spart for full krig, som i naborepublikken. Mange flyktningar frå krigen i Tsjetsjenia har kome til Ingusjetia.

Ingusjetia
Ингушетия
republikk
Flagg
Symbol
Nasjonalsong: Ghalghajčen gimn
Land  Russland
Region Nord-Kaukasus
Del av Den nordkaukasiske føderasjonskrets, Det sørlige føderale distrikt
Hovudstad Magas
Areal 3 128 km²
Folketal 515 564 (1. januar 2021)
Språk russisk, ingusjisk
Tidssone UTC +3 (MSK)
ISO 3166-2 kode RU-IN
Bilnummer 06
Kart
Ingusjetia
43°12′N 45°00′E / 43.2°N 45°E / 43.2; 45
Kart over Ingusjetia.
Kart over Ingusjetia.
Kart over Ingusjetia.
Wikimedia Commons: Ingushetia

Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 40 terrorhandlingar i Ingusjetia, og desse førte til åtte dødsfall og 78 skadde personar. To av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar.[1] Desse tala omfattar ikkje dødsfall som følgje av handlingar frå regjeringsstyrkane si side. I 2008 kom det òg til opptøyar i den største byen Nazran, då tryggingsstyrkane slo ned opptøyar frå opposisjonen si side.[2]

Folkesetnad

endre

Den einaste større byen er Nazran (132 200 ibuarar), som var hovudstaden fram til 2000.

Den største folkegruppa i Ingusjetia er ingusjar. Ifølgje folketeljingane endra den etniske samansetjinga i republikken seg kraftig frå folketeljinga i 2002 til den i 2010 - I 2002 vart det oppgitt at 77,3 var ingusjar og 20,4 tsjetsjenarar. I 2010 var det under ein fjerdedel så stor del tsjetsjenarar, mens delen ingusjarar hadde auka til over 90 %. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[3]

Merknader

endre
  1. russisk Республика Ингушетия Respublika Inusjetija, ingusjisk ГIалгIай Мохк Ghalghaj Mokhk

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ingusjetia