[go: nahoru, domu]

København er hovudstaden og den største byen i Danmark, og har rundt ein halv million innbyggjarar. I København finn ein det danske folketinget og regjeringa, og her bur òg dronninga. København har alltid vore ein viktig by i dansk historie, sjølv om han ikkje alltid har vore hovudstad. Han er i dag også hovudbyen i Storkøbenhavn, med 1,3 millionar innbyggarar (2016).[2]

København
by
Nyhavn i København.
Våpenskjold
Land  Kongeriket Danmark
Areal 90,90 km²
Folketal 644 431 (1. januar 2022)[1]
Kart
København
55°40′34″N 12°34′08″E / 55.676111111111°N 12.568888888889°E / 55.676111111111; 12.568888888889
Wikimedia Commons: Copenhagen

København ligg ved Øresund på austkysten av Sjælland, og ein kan sjå over sundet til Skåne i Sverige. Sidan 2000 har han hatt bil- og togsamband med Malmö over Øresundbrua.

Byen blei først berre kalla Havn, Hafnialatin. Grunnstoffet hafnium er kalla opp etter byen. Namnet Københamn kjem frå Købmandshavn, og det engelske Copenhagen kjem frå Kopenhagen, den plattyske forma av det nye namnet. På norsk har namnet òg vorte skrive Kjøpenhavn, Køpenhamn, Kjøpenhamn og Køpenhavn.

Historie

endre

København skal ha vore grunnlagd rundt år 1000 av Svend Tveskæg eller Knud den Store, og var opphavleg eit fiskevær. I 1167 fekk biskop Absalon ansvaret for byen, og bygde si «Borg ved Havn». København låg midt i det danske riket heilt til Danmark tapte Skåne, Halland og Blekinge til Sverige.

Åtak

endre

København er blitt utsett for åtak og kringsetjing fleire gonger. Hanseatane prøvde fleire gonger å ta byen. Karl X av Sverige kringsette han i 1658–1659, men måtte til slutt gje opp. Den britiske og danske marinen hadde eit sjøslag i byhamna i 1801, og i 1807 bomba britane byen for å hindra at den danske flåten skulle hjelpa Napoleon; fleire hundre menneske vart drepne og bygningar vart øydelagde. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar.

Kultur

endre

Bygningar og institusjonar

endre

Styresmakter

endre

Borgarmeister er Frank Jensen (2018).

Kjende personar frå København

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.statbank.dk/BY1; Statistikbanken.
  2. «Statistics Denmark: Copenhagen City/Urban Area (Københavns Kommune, Hovedstadsområdet), 2012 (tables: FOLK1, BEF44)». Statistics Denmark. Arkivert frå originalen 22. august 2013. Henta 31. mai 2012. . 1 280 371 innbyggjarar 1. januar 2016.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: København