Kabylsk
Kabylsk er eit berbarspråk (kabylsk taqbaylit, uttala [θɑqβɛiˈliθ]) snakka av kabylfolket. Det er over 6 000 000 talarar i heile verda, ein majoritet av dei, 4,5 millionar, bur i Algerie.
Kabylsk ثاقبايليث Ṯāqbāylīṯ | ||
Klassifisering | Afro-asiatisk Berbar Nordlege berbarspråk Kabylsk | |
Bruk | ||
Tala i | Algerie; immigrantsamfunn i Frankrike, Belgia, etc. | |
Område | Kabylia | |
Kabylsktalande i alt | 6 000 000 (2005) | |
Skriftsystem | Latinske eller arabiske bokstavar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | kab | |
ISO 639-3 | kab |
Grammatikk
endreMorfologi
endreSom i andre afroasiatiske språk er ordbøyinga sentrert rundt konsonantstrengar, såkalla røter, t.d. rg «å drøyme». Desse dannar eit XCXCX-templat, som det er mogleg å setje inn vokalar for, for å få ulike ordformer.
Vokalisering a-u: argu (imperfektiv)
Vokalisering u-a: urga (perfektiv)
Kabylisk har ulike modus, kausativ, passiv, resiprokal, faktiv + resiprokal. Desse blir danna med å prefiksere konsonantar til CC-templatet.
I arabisk er det ein tendens til tre-konsonant-røter, men i kabylisk er tendensen å ha to.
Kabylisk har også affiksering. Konsonantinitiale substantiv dannar plural med suffiks, som sg. lbiru, pl. lbiruwat,
Språkhistorie
endreYtre språkhistorie
endreKabylsk har ei relativt kort historie, det var (med nokre unntak) nesten ikkje skrive før på 1900-talet, likevel har det i seinare tid har ein liten men aukande litteratur vokse fram. Den originalt munnlege poesien til Si Mohand og Ait Menguellet er spesielt verdt å nemne her.
Døme:
Ord | Omsetting | Uttale: |
jord | akal | ækjel |
himmel | igenni | iguenni |
vatn | aman | æmen |
eld | times | thimess |
menneskje | amdan | amdhan |
mann | argaz | ærges |
kvinne | tamettut | thæmttoth |
eta | ečč | etsh |
drikka | sew | soww |
stor | meqqar | mekkor |
liten | mezzi | beztouh. amezzjan, akkrour |
natt | idh | idh |
dag | ass | æss |
Indre språkhistorie
endre...
Bakgrunnsstoff
endre- La page Berbère / Kabyle Arkivert 2006-05-04 ved Wayback Machine.
- Portail de la Kabylie
- Kabyle.com
Litteratur
endre- Loikkanen, Sinikka 1998: Vocabulaire du roman kabyle (1981-1995) une étude quantitative. Études et documents berbères, no. 15/16, p. 185-196, online loikkanen98.pdf