Kattefamilien
Kattefamilien (Felidae) er ein rovdyrfamilie med ca 35 ulike artar spreidd over heile verda unnateke Oseania og Antarktis. Med drahjelp frå tamkatten kan dei seiast å vera den mest vellukka familien blant rovdyra.
Kattefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Infraorden: | Aeluroidea |
Overfamilie: | Feloidea |
Familie: | Kattefamilien Felidae Fischer von Waldheim, 1817 |
Dei er kjøttetarar og predatorar, og brukar dei store kvasse hjørnetennene sine til å fange bytte. Eit typisk kattedyr er ein einsam jeger med tilhaldsstad i ein skog.
Store kattedyr
endreDei store kattedyra høyrer til slektene Panthera, Acinonyx og Neofelis, og skil seg frå dei mindre kattane ved å kunne brøla og å ha pels mellom snute og overleppe. Til denne gruppa høyrer nokre av dei mest frykta pattedyra i verda, mellom anna løve, tiger og leopard.
Små kattedyr
endreDei små kattedyra har ein malande låt og høyrer til underfamilien Felinae. Det finst om lag 30 artar små kattar, mest kjend er den vanlege huskatta. Trass i namnet kan fleire av artane i denne gruppa bli ganske store, mellom anna puma, gaupe og serval.
Utvikling
endreDei første kattedyra kom til for rundt 40 millionar år sidan, i eosentida. Familien er truleg mest i slekt med mungoane, snikekattane og hyenane.
Dei første medlemmane i kattefamilien dukka opp for om lag 50 millionar år sidan, i tidsperioden eocen. Mellom dei mest kjende forhistoriske kattedyra kan ein rekna sabeltigrane Smilodon og Homotherium, som levde frå oligocen (ca 38 millionar år sidan) til sein pleistocen (ca 8000 år sidan), men desse har ingen levande etterkommarar i dag. Dei første moderne kattane (underfamilie Felinae) dukka opp i miocen, for 25 millionar år sidan.
Kattedyra er òg dei mest einsidig kjøtetande rovdyra, og dei har ein kort tarm tilpassa denne dietten. Elles liknar dei fleste dyra på kvarandre i bygnad og i visse eigenskapar, som godt mørkesyn og store ungekull.
Artsoversyn
endreDenne inndelinga av nolevande artar nedanfor følgjer konferansen Felid TAG (Taxonomic Advisory Group) som fann stad i mars 1996.
- Felidae (kattefamilien)
- Felinae (mindre kattedyr)
- Acinonyx (gepardar)
- A. jubatus (gepard)
- Caracal (ørkengauper)
- C. aurata (afrikagullkatt)
- C. caracal (karakal, også kalla ørkengaupe)
- C. serval (serval)
- Felis (småkatter)
- F. bieti (kinesisk ørkenkatt)
- F. chaus (jungelkatt)
- F. margarita (sandkatt)
- F. nigripes (svartfotkatt)
- F. silvestris (villkatt; tamkatt høyrer til denne arten)
- Leopardus (amerikanske flekka småkattar)
- L. pardalis (ozelot)
- L. tigrinus (tigerkatt)
- L. wiedii (margaykatt)
- Lynx (ekte gauper)
- L. canadensis (kanadisk gaupe)
- L. lynx (gaupe)
- L. pardinus (iberisk gaupe, spansk gaupe, pantergaupe)
- L. rufus (raudgaupe)
- Oncifelis (søramerikanske småkattar)
- O. colocolo (pampaskatt)
- O. geoffroyi (nattkatt, geoffroys katt)
- O. guigna (kodkodkatt, guignakatt)
- Oreailurus (små fjellkatter)
- O. jacobita (fjellkatt, andeskatt)
- Otocolobus (steppekatter)
- O. manul (pallaskatt)
- Pardofelis (marmorkattar)
- P. badia (baykatt)
- P. marmorata (marmorkatt, marmorleopard)
- P. temminckii (asiagullkatt)
- Prionailurus (asiatiske flekka småkattar)
- P. bengalensis (leopardkatt)
- P. planiceps (flathovudkatt)
- P. rubiginosus (rustflekkatt)
- P. viverrinus (fiskerkatt)
- Puma (pumaer)
- P. concolor (puma, også kalla cougar eller fjelløve)
- P. yagouaroundi (jaguarundi, oterkatt)
- Acinonyx (gepardar)
- Pantherinae (store kattedyr)
- Neofelis (treleoparder)
- N. nebulosa (treleopard)
- N. diari (borneotreleopard)
- Panthera (brølekattar)
- P. leo (løve)
- P. onca (jaguar)
- P. pardus (leopard, panter)
- P. tigris (tiger)
- P. uncia (snøleopard)
- Neofelis (treleoparder)
- Felinae (mindre kattedyr)