Mary Peters
Mary Elizabeth Peters (fødd 6. juli 1939) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Ballymena i Nord-Irland som vart olympisk meister i femkamp i 1972.
Mary Peters | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 6. juli 1939 (85 år) Halewood |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1972 |
Utmerkingar | kommandør av Order of the British Empire, BBC Sports Personality of the Year Award, Lady of the Garter |
Allsidige Peters var ein av dei beste femkjemparane i verda gjennom heile 1960-talet, med fjerdeplassen i øvinga under Sommar-OL 1964 i Tokyo som sitt beste resultat. I 1970 vann ho både kuletevlinga og femkampen då samveldeleikane fann stad i Edinburgh. To år seinare overraska ho stort i femkampen under Sommar-OL i München. Med 4 801 poeng sette ho verdsrekord og slo favoritten, vesttyske Heide Rosendahl, med 10 poeng. Halvtanna år seinare, i januar 1974, forsvarte Peters i Christchurch samveldetittelen i femkamp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mary Peters (athlete)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2017.