[go: nahoru, domu]

Nasjonalepos

verk som er sentralt for ein nasjonal identitet

Nasjonalepos er eit episk dikt eller eit litterært verk av episk storleik som søkjer eller er anteke å fanga og uttrykkja essensen eller ånda til bestemd nasjon; ikkje naudsynlegvis ein nasjonalstat, men i det minste ei etnisk eller språkleg gruppe. Nasjonale epos uttrykkjer ofte opphavet til ein nasjon, ein del av opphavet til nasjonen, eller eit kritisk eller avgjerande augneblunk eller hending i utviklinga av den nasjonale identiteten, og fungerer då som nasjonale symbol. I ei breiare meining er nasjonalepos berre eit epos på nasjonalspråk som folket eller leiarane til folket er særskilt stolte av.

Historie

endre

I mellomalderen rekna ein Iliaden av Homer som eit verk som bygde på faktiske, historiske hendingar, og trojakrigen vart vurdert som opphavet til genealogiane til dei europeiske monarkia.[1] Æneiden av Vergil var rekna som den romerske parallellen til Iliaden, og denne byrja med at Troja fall og førte fram til fødselen av den unge romerske nasjonen.

Ifølgje den dåverande oppfatninga av historia blei rike fødd og gjekk under i ei organisk rekkjefølgje og det eksisterte eit samsvar mellom nåtiden og fortida. Akkurat som kongar lengta etter å etterlikna store leiarar i fortida som Aleksander den store eller Julius Cæsar, var det ein fristelse for poetar å verta den nye Homer eller Vergil. I 1500-talet sitt Portugal feira Luis Vaz dei Camões sin portugisiske nasjon som ei veldig sjømakt i verket Os Lusíadas, òg med klassiske referansar, medan Pierre de Ronsard kommanderte seg sjølv til å skriva La Franciade, eit epos påtenkt å vera den galliske ekvivalenten til Vergils dikt ved at den òg søkte Frankrike si slekt tilbake til ein trojansk prins.[2]

Der ingen opplagt nasjonalepos eksisterte var «ånda til romantikken» motivert til å fylla tomrommet. Eit tidleg døme på poesi som vart oppfunne for å fylla eit kjenslevart tomrom i ein «nasjonal myte» var Ossian, forteljaren og den antekne forfattaren av ein syklus av dikt som eigenleg var skrive av skotten James Macpherson, og som denne hevda å ha omsett frå ei oldtidskjelde i skotsk-gælisk. Ossians songar vart raskt omsette til mange språk, og i Danmark kom det ei fullstendig omsetjing i 1790. Goethe var begeistra og i Noreg var Henrik Wergland prega av dens diktning. Skuffelsen var difor stor då verket vart avsløra som falskneri.

Ulike nasjonale epos

endre
 
Islendingen Snorres store verk om dei norske kongane har ein særeigen posisjon i den norske litteraturen. Illustrasjon av Chr. Krogh.

I Noreg har Snorre Sturlason sin kongesoger ei stilling som nasjonalepos. Forteljinga i seg sjølv er ikkje eit epos, men ho fortel om opphavet i verda og såleis også det til Noreg som nasjon og stormakt og antekne stordomstid, «Norge, kjempers fødelandet».[3]

Kva som er nasjonaleposet til Sverige er omstridd. Frithiofs saga er blitt fremja som svensk nasjonalepos etter at det hadde enorm popularitet på 1800-talet. Det er eit romantisk diktverk skrive av Esaias Tegnér og kom første gongen ut i 1825. Verket byggjer lauseleg på den norrøne Soga om Fridtjov den frøkne (den djerve), som ville gifta seg med Ingebjørg, dotter til småkongen Bele. Erikskrøniken frå 1320-talet har somtid blitt feilaktig karakterisert som eit nasjonalt epos, noko som har årsak i at det er rekna som propaganda, og ikkje eit verk med litterære kvalitetar. Romanserien til Vilhelm Moberg om Utvandrerne kan vurderast som eit nasjonalepos, noko som til dels er eit ideologisk spørsmål om kva for formelle kriterium som skal gjevast til sjangeren epos. Omgrepet bør endå ikkje forvekslast med ein historisk roman eller krønike uansett tydinga til eit verk.

Rolandskvadet (La Chanson de Roland) er eit gammalfransk heltedikt som handlar om den dominerande franske kongen Karl den store, men først og fremst om dei tolv kjempene hans, mellom dei Roland som tappert fell i kampen mot den heidenske faren maurarane. I England er det angelsaksiske diktet Beowulf blitt fremja som nasjonalepos, men diktet er noko utypisk ettersom det ikkje fortel om opphavet til angelsaksarane, og diktverket i seg sjølv har eit sannsynleg norrønt eller nordgermansk opphav.

Nasjonalepos frå nokre land

endre
Land/folk Epos Forfattar Opphav
Argentina El gaucho Martín Fierro José Hernández 1872
Etiopia Kebra Negest (Kongenes herlegdom) Ukjend 1200-talet
Tyskland Nibelungenlied «Mester Kondrad» (ukjend) Rundt 1200
England Béowulf Ukjend Mellom 700 og 1000
Estland Kalevipoeg Friedrich Reinhold Kreutzwald 1853
Finland Kalevala Elias Lönnrot 1835/1849
Frankrike Rolandskvadet «Turoldos» (Ukjend) 1100-talet
Georgia Vep'his tqaosani (Riddaren i tigerskinnet) Schota Rustaweli 1200-talet
Hellas i antikken Iliaden og Odysseen Homer 700-talet f.Kr.
India Mahabharata Ukjend 300-talet f.Kr.?
India Ramayana Ukjend (ifølgje soga Valmiki) Ukjend (skrive før Mahabharata)
Iran Sjahnameh Abū l-Qasem-e Ferdousī 900-talet
Island Edda Ukjend 1200-talet
Kirgisistan Manas Vasily Radlov 1885
Kurdarar Mem û Zîn Ehmedê Xanî Ukjend
Latvia Lāčplēsis (Bjørnedreparen) Andrejs Pumpurs 1888
Norge Heimskringla (Kongesogene) Snorre Sturlason 1200-talet
Polen Pan Tadeusz Adam Mickiewicz 1834
Portugal Os Lusíadas Luís de Camões 1572
Romarriket Æneiden Vergil 100-talet f.Kr.
Russland Igorkvadet Ukjend Slutten av 1100-talet
Sverige Frithiofs saga Ukjend 1825
Spania El Cantar del Mío Cid Ukjend 1100-talet
Thailand Ramakian Ulike versjonar 1700-talet
Tibet Gesareposet Ukjend 1000-talet

Kjelder

endre
  1. Cohen, Paul: «In search of the Trojan Origins of French», i Fantasies of Troy, Classical Tales and the Social Imaginary in Medieval and Early Modern Europe, Alan Shepard & Stephen David Powell (red.), utgitt av Centre for Reformation and Renaissance Studies, 2004, side 65 sq., ISBN 0772720258. «Som mange av deres motparter over hele Europa hadde 700-tallets lærde i Frankrike oppfunnet en myte om at gallerne nedstammet fra Troja» (side 67)
  2. Epic (fransk). Liliane Kesteloot, University of Dakar
  3. Tittelen uttrykker ei tidsand på 1800-talet, og er også tittelen på ei bok av Øystein Rian (2007) som gjev portrett av tolv sentrale personar i norsk historie.