Pol Pot
Pol Pot (19. mai 1928–15. april 1998), eigentleg Saloth Sar og også kalla «bror nr. 1» og «kamerat Pol», var leiar av Raude Khmer og statsminister i Kambodsja (offisielt Demokratisk Kampuchea under hans diktatur) frå 1976 til 1979.
Pol Pot | |||
| |||
Fødd | 19. mai 1925 Prek Sbauv | ||
---|---|---|---|
Død | 15. april 1998 (72 år) | ||
Statsborgar av | Fransk Indokina, Kingdom of Cambodia, Khmer Republic, Demokratisk Kampuchea, Folkerepublikken Kampuchea, State of Cambodia, Kambodsja | ||
Yrke | politikar, offiser | ||
Utdanna ved | EFREI Paris Lycee Sisowath | ||
Far | Saloth Phem | ||
Ektefelle | Khieu Ponnary | ||
Alle verv |
Pol Pot tok makta som statsminister den 13. mai 1976 og innleidde eit blodig styre, der svært mange menneske vart drepne. Estimata over talet på drepne i dette folkemordet varierer mellom 1,5 og 2,3 millionar, av ei befolkning på 8 millionar. Eit svært høgt prosenttal.
Spesielt vart buddhistiske munkar, vestleg utdanna intellektuelle, personar som let til å vere intelligente (f.eks. personar med briller), personar med fysiske handikap og etniske minoritetar utrydda. Ideologien var ein slags maoisme, der bøndene av khmer-folket vart oppfatta som det einaste sunne elementet i landet, medan byane var dekadente og langt på veg skulle tømmast for folk.
Pol Pot vart avsett 7. januar 1979 av den vietnamesiske hæren, men heldt fram med å føre geriljakrig mot den nye regjeringa til han vart arrestert i 1981, med støtte frå mellom anna Thailand, USA og Kina. Med støtte frå Kina og vestlege land kunne Pol Pot sitt regime òg halde på plassen sin i FN, og representere det kambodsjanske folket der. Dei fleste av geriljasoldatane hans la ned våpna eller gjekk over til regjeringssida i 1996. Minene Pol Pot sine geriljasoldatar la ut, tar framleis livet av folk i landet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pol Pot» frå Wikipedia på bokmål, og «Pol Pot» frå Wikipedia på svensk den 30. mai 2006.