Riksveg 150
Riksveg 150 | |||
---|---|---|---|
Strekning | |||
Lysaker – Ryen | |||
Informasjon | |||
Status | riksveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
Restriksjonar | |||
Bomstasjonar | 1 | ||
Miljøfartsgrense 60 km/t |
Ryen – Granfosstunnelen (1. november – 19. april) |
Riksveg 150 (Rv150), på trafikkskilta kalla Ring 3, går mellom vegkrysset Ulvekrysset med vegen Ulvensplitten på Ulven i Bydel Bjerke i Oslo og Lysaker i Bærum på grensa til Oslo. Ring 3 dannar eit samband mellom Europaveg 18 og Europaveg 6 utanom bykjerna, og er ein sterkt trafikkert stamveg med to gjennomgåande felt i kvar retning. Tidlegare vart Ring 3/riksveg 150 rekna heilt frå Ryenkrysset på Ryen i Oslo, der Europaveg 6 gjekk over i Ring 3, men strekninga mellom Ryen og vegsystemet Ulvensplitten er no vorte ei strekning av Europaveg 6 i staden. Denne strekninga av tidlegare ring 3 er ein naturleg del av Eurpaveg 6, til liks med sjølve Ulvensplitten, ved at Europaveg 6 sør og nord for Oslo vert knytt saman over denne strekninga.
Rikveg 150 er berre skilta som Ring 3, ikkje med riksveg-skilt med riksvegnummeret. Ofte vert vegen berre kalla Store ringvei i daglegtale, som var namnet på vegen før ringvegane i Oslo vart nummererte. No er Ring 1 den ringvegen som går som gjennomfartsåre i sjølve bykjerna, med Ring 2 som den neste og Ring 3 lengst utanfor. Alle desse tre ringvegane dannar eigenleg bogar kring bykjerna, ikkje i ringar.
Sjølv om ring 3 er ein samanhengande veg, er han likevel samansett av strekningar som har fått sine eigne namn. Heile traséen frå Ryenkrysset, inklusive den parten som no er Europaveg 6: Adolf Hedins vei - Hjalmar Brantings vei - Lørentunnelen - Storoveien - Rolf Wickstrøms vei - Tåsentunnelen - Kaj Munks vei - Torgny Segerstedts vei - Viggo Hansteens vei - Ullernchausséen - Granfosstunnelen.
Stekninga frå Lysaker og Fornebu til Ryen
endre- Granfosstunnelen vest (1019 m)
- Mustadkrysset
- Granfosstunnelen aust (1179 m)
Ullernchausseen
Viggo Hansteens vei
- 168 Smestadkrysset / Smestadtunnelen (501 m)
- Slemdalsveien, berre frå aust
- Bomstasjon Store Ringvei v/Gaustad, berre i austleg retning
Torgny Segerstedts vei
Kaj Munks vei
Rolf Wickstrøms vei
- Bergkrysset, berre frå vest
- Tåsentunnelen (1284 m)
- Maridalsveien, berre frå aust
- Nydalsbrua (ca. 110 m)
- Betzy Kjelsbergs vei/Sandakerveien, Nydalen
Storoveien
- Storokrysset / Storotunnelen (136 m)
Rv150 sluttar nær Valle Hovin, Ring 3 langs E6 vidare til Ryen
- Teisenkrysset (berre austgåande)
- Tvetenveien
- Østensjøveien (berre vestgåande)
- Brynstunnelen (240 m)
- Ryen (Ring 3 er skilta til Ryen og deler trasé med E6 frå Ulven)
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre