Saint-Barthélemy
Saint-Barthélemy (ofte kalla Saint-Barth eller St. Barts) er ei øy i Karibia og eit fransk oversjøisk område. Fram til 15. juli 2007 vart øya administrert som del av det franske oversjøiske området Guadeloupe, men vart då eit eige territorium. Øya er kjend som eit eksklusivt reisemål for rike turistar.
Flagg | Våpen |
Status | Fransk oversjøisk kollektivitet (collectivité d'outre-mer ) |
---|---|
President i territorialrådet (président du Conseil territorial) | Bruno Magras |
Hovudstad | Gustavia |
Offisielt språk | Fransk |
Areal - % vatn |
21 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt |
ca. 8450 (2007) |
Verdsdel | Sør-Amerika (Karibia) |
Internet-domene | .bl (ikkje i bruk), .fr |
Tidssone | UTC -4 |
Internasjonal telefonkode | +590 |
Nasjonalsong |
Saint-Barthélemy vart først kravd av Frankrike i 1648, men i 1784 selde franskmennene øya til Sverige. Øya var svensk område fram til 1878, då Frankrike kjøpte ho tilbake.