Shaoguan
Shaoguan (kinesisk skrift 韶关, pinyin Sháoguān) er eit byprefektur i innlandet, nord i provinsen Guangdong i Kina. Prefekturet har eit areal 18 380 km² og hadde i 2004 om lag 3,15 millionar innbyggjarar. Byprefekturet Shaoguan består av tre distrikt, to byfylke, fire fylke og eitt autonomt fylke. Sjølve byen heitte tidlegare Shaozhou.
Shaoguan | |||
byprefektur | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Provins | Guangdong | ||
Areal | 18 412,53 km² | ||
Folketal | 2 997 600 (2018) | ||
Shaoguan 24°48′04″N 113°35′34″E / 24.80113°N 113.59271°E | |||
Shaoguan i Guangdong
| |||
Wikimedia Commons: Shaoguan |
Sentralt i sjølve byen Shaoguan står Fengcaitårnet, som vart bygt under Ming-dynastiet. Sør for tårnet, i motsett ende av ei gågate, ligg Dajianklosteret som vart bygt frå 660.
I distriktet Qujiang ligg byen Maba, kjent for funnet av Mabamannen, kalla «Kinas neandertalar». Nær ved er Nan Hua-tempelet, som skal ha vore zenbuddhismen si vogge om lag år 700 e.Kr. Det store jarn- og stålverk i prefekturet ligg også nær Maba.
Transport
endreJarnbane
endreSnøggtogruta mellom Wuhan og Guangzhou går gjennom området.
Jingguangbana, som er den tradisjonelle toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har også stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Shijiazhuang, Handan, Zhengzhou, Wuhan og Changsha.
Veg
endreKinas riksveg 106 går gjennom området. Han går frå Beijing og er innom stader som Hengshui, Kaifeng, Ezhou på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina. Også Kinas riksveg 323 går gjennom området. Han tek til i Ruijin i provinsen Jiangxi og fører gjennom Guangdong og Guangxi og endar opp i Lincang i Yunnan, på grensa mot Myanmar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shaoguan» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juli 2011.