Te Anau-sjøen
Te Anau-sjøen ligg i det sørvestlege hjørnet til Sørøya på New Zealand. Namnet var opphavleg Te Ana-au, maori for 'grotta med kvervlande vatn'. Innsjøen dekkjer ei flate på 344 km², og er den nest største på New Zealand etter areal (etter Tauposjøen), og den største på Sørøya. Med tanke på volumet av ferskvatn, er Te Anau den største innsjøen i Australasia.[1]
Te Anau-sjøen | |||
innsjø | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Eglinton-elva, Clintonelva, Worsleyelva, Glaisnockelva, Wapitielva, Doonelva, McKenzie Burn, Upukeroraelva | ||
Utløp | Waiauelva | ||
Høgd over havet | 210 moh. | ||
Lengd | 65 km | ||
Areal | 344 km² | ||
Største djupn | 417 m | ||
Koordinatar | 45°12′S 167°48′E / 45.200°S 167.800°E | ||
Byar | Te Anau | ||
Te Anau-sjøen 45°12′S 167°48′E / 45.2°S 167.8°E | |||
Kart som viser Te Anau-sjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Te Anau |
Hovuddelen av innsjøen ligg i nord-sørleg retning, og er 65 km lang. Tre store fjordar formar armar på den vestre breidda, North Fiord (Nordfjorden), Middle Fiord (Mellomfjorden) og South Fiord (Sørfjorden). Desse er dei einaste innlandsfjordane på New Zealand, dei andre 14 ligg ute ved kysten. Fleire mindre øyer ligg ved innløpet til Midtfjorden, som deler seg innover i ein nordvestleg og ein sørvestleg arm. Innsjøen ligg 210 meter over havflata, og då den største djupna er 417 m,[2] ligg mykje av innhaldet under havnivå.
Fleire elver fører til innsjøen. Den viktigaste er Eglinton-elva, som renn inn i sjøen frå aust, motsett av innløpet til Nordfjorden. Utløpet er Waiauelva, som renn søretter i fleire kilometer ut i Manapourisjøen. Byen Te Anau ligg ved det søraustlege hjørnet i innsjøen, nær utløpet.
Det meste av innsjøen ligg innanfor Fiordland National Park og Te Wahipounamu verdsarvsområde. Utanom byen Te Anau, er den einaste busetnaden nær sjøen landbruksområdet Te Anau Downs, nær munningen til Eglintonelva. Mellom desse to busetnadane ligg bølgete bakkelandskap, medan landskapet kring sjøen elles er fjell-lendt, særleg langs den vestre breidda, der fjellområda Kepler og Murchison Mountains hevar seg 1400 m over overflata til innsjøen.
To av fottruristrutene i New Zealand Great Walks startar ved sjøen. Milford Track går ut frå nordenden av sjøen, og Kepler Track startar og endar ved sørenden ved Waiauelva.
Flora og fauna
endreTalrike arter av ville dyr og vegetasjon finnst i vass-skiljet ved Lake Te Anau. Av plantevekstar i underskogen er fleire artar bregner, mellom desse «kronebregna» (Blechnum discolor, engelsk crown fern).[3]
Ulike truga fugleartar held til langs breiddene til Lake Te Anau, av dei mest kjende er takahē (Notornis hochstetteri). Eit område mellom Midt- og Sørfjorden, kalla Murchison Mountains, er eit friområde for desse fuglane. Ved den vestre breidda til sjøen ligg også Te Ana-au-grottene.[4]
Kjelder
endre- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. mai 2010, henta 22. juli 2015
- ↑ «Lakes in New Zealand». Ministry for the Environment. Arkivert frå originalen 13. august 2011. Henta 22. juli 2015.
- ↑ C. Michael Hogan (2009). «Crown Fern Blechnum discolor». iGoTerra. Henta 21. juli 2015.
- ↑ «Te Anau Glowworm Caves». Real Journeys. 2015. Henta 22. juli 2015.
- Fiordland (Map) (5 utg.). 1 : 255,000. Parkmap. Kartografi av GeoSmart (NZ) Ltd. New Zealand Department of Conservation. 2004.
- Denne artikkelen bygger på «Lake Te Anau» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2015.