Google (NASDAQ: GOOG) er eit amerikansk multinasjonalt dataselskap som driv flere tjenester på internett, som reklamering, teknologi, søkjetenestar, skylagring og andre programvarar. Dei er meist kjent for sin populære søkjemotor, Google Søk. Google er verdas største søkjemotor med over 200 millionar søk kvar dag.
Google er i dag eit datterselskap av Alphabet Inc.
Namnet Google kjem frå det matematiske talordet for 10100, googol.
Historie
Google vart grunnlagt i 1996 av Larry Page og Sergey Brin som eit forsøksprosjekt mens dei studerte til Ph.D. ved Stanford University, i Stanford, California.[1] Dei begynte då å utvikla ein søkjemotor kalt BackRub, som opererte på Stanford i eit år.
15. september 1997 blir Google.com registrert som eit domene, og det blei eit registrert selskap 4 september 1998.
I 2011 passerte Google 1 milliard unike brukarar som er ein økning på over 8 % fra mai i 2010.[2]
Tenester
Nokon av tenestane frå Google er Google Earth, Gmail og Google Images.