[go: nahoru, domu]

Meland kommune

tidlegare kommune i Hordaland fylke i Noreg
Versjonen frå 21. mars 2016 kl. 23:05 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)

Meland er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Meland kommune er ein kyst- og øykommune nord for Bergen. Kommunesenteret Frekhaug ligg sør på øya Holsnøy. Øya Holsnøy utgjer hovuddelen av kommunen. I tillegg kjem Flatøy, Ypsøy og fleire små øyar. Nordhordlandsbrua frå Bergen kommune kjem i land på Flatøy. Europaveg 39 (E39) går vidare nordover gjennom Lindås kommune. Nord for Meland ligg óg Radøy kommune. Mellom Meland og Radøy går Mangersfjorden og Radfjorden. Mot sør- vest er Askøy kommune. Mellom Askøy og Meland går Herdlefjorden. Meland kommune har namn etter garden Meland på Holsnøy. Her er det óg kyrkje (Meland kyrkje).

Meland kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Adm.senter Frekhaug
Areal 92,58284167718918 km²
 •  vatn 5,045535297186928 km²
Målform Nynorsk
Ordførar Øyvind Helland Oddekalv (2015– 31. desember 2019) (H)
Kommunenr. 1256
Kart
Meland kommune
60°33′51″N 5°07′07″E / 60.564167°N 5.118611°E / 60.564167; 5.118611
Kart som viser Meland kommune.
Kart som viser Meland kommune.
Kart som viser Meland kommune.
Wikimedia Commons: Meland (former municipality)
Nettstad: www.meland.kommune.no

Kommune frå 1923

Meland sokn var frå 1885 ein del av Alversund prestegjeld og kommune. Meland vart eigen kommune i 1923. Ein del av Holsnøya og litt av Askøya fekk namnet Meland kommune. Ved kommuneendringer i 1964 overtok Meland Flatøy frå gamle Hamre kommune. Gamle Herdla kommune sine område nord på Holsnøy vart og overteke. Områda på Askøy vart overført til Askøy kommune.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet til Meland er på raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover. Navarsmiing har lange tradisjonar i Meland. Ein navar er eit trebor.

Aviser

Avisene Strilen og Nordhordland har nyhende frå Meland. Regionavisa Bergens Tidende har og mykje om hendingar i Meland. Dessutan har Bergensavisen ei viss dekning frå kommunen

Kjende personar frå Meland

Bakgrunnsstoff

Fotnotar