Meland kommune
Meland er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Meland kommune er ein kyst- og øykommune nord for Bergen. Kommunesenteret Frekhaug ligg sør på øya Holsnøy. Øya Holsnøy utgjer hovuddelen av kommunen. I tillegg kjem Flatøy, Ypsøy og fleire små øyar. Nordhordlandsbrua frå Bergen kommune kjem i land på Flatøy. Europaveg 39 (E39) går vidare nordover gjennom Lindås kommune. Nord for Meland ligg òg Radøy kommune. Mellom Meland og Radøy går Mangersfjorden og Radfjorden. Mot sør- vest er Askøy kommune. Mellom Askøy og Meland går Herdlefjorden. Meland kommune har namn etter garden Meland på Holsnøy. Her er det òg kyrkje (Meland kyrkje). Ordførar er Øyvind Helland Oddekalv frå Arbeiderpartiet og varaordførar er Nils Marton Aadland frå Høgre.
Meland kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Adm.senter | Frekhaug | ||
Areal | 93 km² | ||
• land | 88 km² | ||
• vatn | 5 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Øyvind H. Oddekalv (Arbeidarpartiet) | ||
Kommunenr. | 1256 | ||
Meland kommune 60°33′51″N 5°07′07″E / 60.564167°N 5.118611°E | |||
Kart som viser Meland kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Meland (former municipality) | |||
Nettstad: www.meland.kommune.no |
Kommune frå 1923
Meland sokn var frå 1885 ein del av Alversund prestegjeld og kommune. Meland vart eigen kommune i 1923. Ein del av Holsnøya og litt av Askøya fekk namnet Meland kommune. Ved kommuneendringer i 1964 overtok Meland Flatøy frå gamle Hamre kommune. Gamle Herdla kommune sine område nord på Holsnøy vart og overteke. Områda på Askøy vart overført til Askøy kommune.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet til Meland er på raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover. Navarsmiing har lange tradisjonar i Meland. Ein navar er eit trebor.
Aviser
Avisene Strilen og Nordhordland har nyhende frå Meland. Regionavisa Bergens Tidende har og mykje om hendingar i Meland. Dessutan har Bergensavisen ei viss dekning frå kommunen
Kjende personar frå Meland
- Lise Klaveness, landslagsspelar i fotball
- Torgeir Byrknes, artisten og DJ «TeeBee»
- Bjarte Leithaug, artist
- Solveig Leithaug Henderson, artist