[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Olsok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. desember 2006 kl. 04:46 av FlaBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: en:Olsok)

Olsok (frå norrønt ólafsvaka) er festen for Olav den heilage, som vert feira på dødsdagen den 29. juli. Olavsvaka er ei tradisjonell nattevake med gudstenester før Olsokdagen. Ólavsøka er nasjonaldag for Færøyane.

Før reformasjonen var dette ein av dei viktigaste helgenfestane i Noreg. På grunn av Olav sin spesielle posisjon i norsk historie vart Olsok nasjonal festdag òg etter reformasjonen.

I moderne tid har dagen i Den katolske kyrkja i Noreg status som liturguisk høgtid, det vil seia ein dag det er obligatorisk å feira messe for Olav den heilage. I andre land vert Marta av Betania feira samme dag.

Sjå òg