Oluf Kind
Utsjånad
Oluf Kind | |||
| |||
Fødd | 20. mai 1847 Nordre Land kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 20. desember 1910 (63 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Mor | Anne Marie Frøisland | ||
Alle verv |
|
Oluf Nilsson Kind (20. mai 1847–20. desember 1910) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Nordre Land i Oppland, faren var gardbrukar.
Kind gjekk eit år på ein høgare allmennskule i Land, og ½ år på Sagatun Folkehøyskole. Frå 1866 til 1906 var han gardbrukar på garden der mor hans kom i frå. I tillegg var han kommissær ved åstadforretningar. Han var ordførar i Nordre Land 1880-85 og skulestyreformann 1890-94. Tida 1890-98 var han medlem av amtsskulestyret.
Kind var 2. representant frå Kristians amt på Stortinget i perioden 1886-88, der han var medlem av vegkomiteen. Han representerte partiet Venstre.
Han døydde på garden sin, Kinn i Nordre Land, i 1910.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Oluf Kind NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv