Anne Cecilie Ore
Utsjånad
Anne Cecilie Ore fødd 11. oktober 1978 er ein norsk dressurryttar som konkurrerer for Hasle Rideklubb. Anne Cecilie Ore har representert Noreg i paralympiske leikar fleire gongar, og i 1996 tok ho to gull på lånt hest. Ore, som er blind, konkurrerer også mot sjåande ryttarar. Ho er busett i Tyskland og arbeider til dagleg som fysioterapeut.
Anne Cecilie Ore og hesten Ballantine tevla for Noreg i dei paralympiske leikane i London i september 2012.
Merittar
- 2 individuelle gull i paralympiske leikar, Atlanta 1996.
- 1 gull og 1 sølv i VM i Danmark 1999.
- 2 individuelle sølv i paralympiske leikar, Sydney 2000.
- Bronse i lagriding saman med Anne Catrin Evenrud, Jens Lasse Dokkan og Silje Gillund i paralympiske leikar, Sydney 2000
- Plasseringar blant funksjonsfriske ryttarar i St. George i Tyskland.