[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Deutscher Sprachatlas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 17. mars 2011 kl. 19:27 av Ginseldorf (diskusjon | bidrag)

Deutscher Sprachatlas (norsk: Tysk språkatlas) er namnet på ein forskingsinstitusjon ved universitetet i Marburg og eit dialektatlas som dekkjer alle dei tyske dialektane. Institusjonen vart skipa som Sprachatlas des Deutschen Reichs av lingvisten Georg Wenker i 1877. I åra fram mot den andre verdskrigen stod han for den mest omfattande dialektundersøkinga nokonsinne. Det vart sende ut spørjeskjema til om lag 50.000 stader innafor det tyske språkområdet. På basis av det samla dialektmaterialet vart det tegna 1.668 kart, som på byrjinga av 2000-talet vart digitaliserte og offentleggjorde på internett i prosjektet Digitaler Wenker-Atlas (DiWA).

Bakgrunnsstoff