Götzens
Utsjånad
Götzens | |||
kommune | |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Areal | 9,72 km² | ||
Folketal | 4 138 (2021)[1] | ||
Götzens 47°14′10″N 11°18′41″E / 47.236111111111°N 11.311388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Götzens |
Götzens er ein kommune i distriktet Innsbruck Land i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 9,62 km² og i kring 4 000 ibuarar. Landsbyen Götzens ligg på ei terrasse i dalsida sør om Inndalen, 868 meter over havet. Til hovudstaden i forbundslandet, Innsbruck, er det 7 kilometer.
Før 1960 var Götzens ei bondebygd. I samband med Vinter-OL 1964 voks staden mykje, og er i dag for ein stor del å rekne som ein forstad til Innsbruck, dit ibuarane reiser til arbeid.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Götzens» frå Wikipedia på tysk, den 21. februar 2019.