Hege Frøseth
Hege Frøseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. desember 1969 (54 år) Trondheim |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 176 centimeter |
Ektefelle | Stig Inge Bjørnebye |
Hege Kirsti Frøseth (fødd 20. desember 1969) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Støren. Målvakta vann OL-sølv i 1992 og VM-bronse i 1993.
Frøseth var i unge år medlem i Støren IL. I 1988 melde ho seg inn i Trondheims-laget Sverresborg IF, eit lag ho i 1988 tapte NM-finalen med. Nokre år seinare flytta ho over til byrivalen Byåsen Idrettslag og spelte nokre få sesongar på det laget.
Frøseth debuterte for Noreg i landskamp mot Frankrike den 5. september 1989. Sommaren 1992 deltok ho i dei olympiske sommarleikane i Barcelona, ei turnering som enda med sølvmedalje etter stort norsk finaletap mot Sør-Korea. I desember 1993 var ho med då Noreg vann 20-19 mot Romania i bronsefinalen under handball-VM 1993 på heimebane. Frøseth spelte 82 landskampar for Noreg.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM 1990: Nr 6 med Noreg
- OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea
- VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania
Ho er gift med Stig Inge Bjørnebye.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hege Frøseth» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2016.