Inga Fergstad
Inga Fergstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. mai 1855 Meråker kommune |
Død |
28. september 1948 (93 år) |
Yrke | misjonær, skribent, lærar |
Far | Sivert Andreas Fergstad |
Inga Valborg Fergstad (13. mai 1855–28. september 1948) var ein norsk misjonær, lærar og forfattar.
Familie
[endre | endre wikiteksten]Inga Fergstad var dotter av soknepresten, prost, ordførar og stortingsrepresentanten Sivert Andreas Fergstad (1813-1886) og Ovidia Widerøe (1820-1881), dotter av prost Falch Andreas Widerøe. Faren var ein yngre bror av koparslagaren og stortingsmannen Johan Peter Bye. Ho vart verande ugift.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Inga Fergstad tok middelskoleeksamen og lærarinneeksamen i Trondheim i 1887. Deretter verka ho i fleire tiår i tenesta til misjonen, og konsentrerte verksemda si om Sør-Afrika, der ho var misjonær i Zulu-området på vegner av det Norske missionsselskab. Ho var i 1888-1891 lærar ved den norske skulen i Umpumulo i Natal, før ho i 1891-1896 var styrar på same stad. Etter eit opphald i Noreg i perioden 1896-1901, vende ho attende til Sør-Afrika, der ho i åra 1901-1911 styrte heimen for misjonærbarn i Durban.[1] I 1911 reiste ho heim til Noreg for godt.
Etter heimkomsten skreiv ho fleire bøker, der inspirasjonen i stor grad var henta frå opplevingane hennar i Afrika. Den første utgjevinga hennar, Gondane – ei missionsfortælling for barn, kom i 1914, med Andrea Fergstad oppgitt som forfattar. Forteljinga om Gondane finst òg i boka hennar Fortellinger fra Zululand frå 1946.[2]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1914: Gondane – en missionsfortælling for barn, den Norske kirkes mission, Kristiania
- 1920: Tandekile – en missionsfortælling for barn, det Norske missionsselskab, Stavanger
- 1923: U Samuele – en fortælling fra Zulu, Kristiania
- 1938: Pers julehefte, Lunde, Bergen
- 1946: Fortellinger fra Zululand, Schreudermisjonen, Oslo
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Det norske misjonsselskaps misjonærer 1842-1948», www.nb.no, henta 15. november 2021
- ↑ «Fortellinger fra Zululand : for barn og ungdom», www.nb.no, henta 15. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Inga Fergstad» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2021.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Dette skrev kvinner. Skolen. 1984. s. 67. ISBN 8257900109.
- Norsk misjonsleksikon. Nomi. 1966. s. 16.