[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Lund-rapporten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lund-rapporten var ein rapport for Stortinget utført av Lund-kommisjonen. Han vart offentleggjort 8. mai 1996 og tek for seg observasjonar og overvaking av politiske grupperingar, i hovudsak kommunistar og sosialistar, som vart rekna for å representere ein trussel mot tryggleiken i Noreg under den kalde krigen, og som vart gjennomført av Overvakningspolitiet på instruks frå den norske regjeringa.[1][2] Rapporten har den fullstendige tittelen «Dokument nr. 15 (1995–96) – Rapport til Stortinget fra kommisjonen som ble nedsatt av Stortinget for å granske påstander om ulovlig overvåking av norske borgere».[3]

Lund-kommisjonen

[endre | endre wikiteksten]

Lund-kommisjonen var oppretta av Stortinget den 1. februar 1994 for å granska «ulovlig eller irregulær overvåking av norske borgere» av norsk politi, tryggingsteneste eller etterretning.[4] Kommisjonen var sett saman av høgsterettsdommar Ketil Lund (formann), advokat Regine Ramm Bjerke, professor og tidlegare politikar Berge Furre, generalmajor Torkel Hovland og likestillingsombod Ingse Stabel.[4]

Reidar T. Larsen og Vegard Holm vart òg føreslått som medlemmer av kommisjonen, men dette vart avvist av eit fleirtal på Stortinget.[4]

Lund-rapporten kritiserte fleire tilhøve i dei løynlege tenestene i Noreg:

  • Det tette samarbeidet mellom overvakingstenesta og Det norske Arbeidarpartiet
  • Mogelege registreringar i strid med instruksen
  • Mogelege registreringar med bakgrunn i «gamle forestillinger»
  • Uklare myndigheitsførehald

Rapporten viste at politiet sin observasjon av politiske grupperingar hadde konsentrert seg om Norges Kommunistiske Parti, Sosialistisk Folkeparti, Arbeidernes kommunistparti og Sosialistisk Venstreparti, og organisasjonar som vart rekna for å stå desse partia nær, som Nei til atomvåpen, Sambandet Norge-Sovjetunionen, Palestinakomiteen, Kvinnefronten og Solidaritetskomiteen for Vietnam. Høgreekstreme grupper var òg nemnd i høve til dette trusselbildet, men det kom ikkje fram noko i rapporten som indikerte at det føregjekk ulovleg overvaking av desse miljøa.

Konklusjon

[endre | endre wikiteksten]

Rapporten konkluderte med at det føregjekk ulovleg politisk overvaking i Noreg etter 1945, først og fremst av venstresida i norsk politikk.