Lev Lagorio
Lev Lagorio | |
Fødenamn | Лев Феликсович Лагорио |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 17. november 1827, 16. juni 1827 Feodosia |
Død |
9. desember 1905 (78 år) |
Yrke | kunstmålar, akvarellmaler |
Lev Lagorio på Commons |
Lev Feliksovitsj Lagorio (16. juni 1828–17. november 1905) var ein russisk målar, kjend for sine marinemåleri.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Lagorio var fødd i Feodosija (i dagens Ukraina). Han studerte målekunst ved St. Petersburgs kunstakademi i St. Petersburg. Lærarane hans var Maksim Vorobjev og B. P. Villeval'de. Medan han budde i Feodosija vart han påverka av målaren Ivan Ajvazovskij. I 1845 la Lagorio ut på ei sjøreise med krigsskipet Groziasjtsij for å lære seg korleis skip var oppbygt.
Lagorio budde åtte år i Italia. Bileta han laga der gav han status som professor ved heimkomsten til Russland.
I sine seinare år måla han kystmotiv frå Finland og Noreg. Han måla og verk med motiv frå den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878.
Lagorio sine verk er tilgjengelege for allmenta i Tretjakovgalleriet i Moskva.
Verk i utval
[endre | endre wikiteksten]-
Istransport, 1849
-
I fjella i Kaukasus, 1870
-
Batumi, 1881
-
Forsvaret av Bayazet under den russisk-tyrkiske krigen 1877-78, 1891
-
Морской пейзаж, 1897
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lev Lagorio» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2010.