[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Litoral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. juli 2024 kl. 09:28 av Ranveig (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Litoral syner til det som gjeld kysten eller stranda.

Litoralregionen er eit omgrep som vert nytta særs forskjellig av marine dyregeografar, hos nokre berre om tidvassbeltet, hos andre om heile regionen kring kystbanken ned til 150-400 meters djupne med uskarpe grenser mot djuphavet. Nokre delar den litorale regionen i tidvassområdet, som er det eigentlege litorale området, det sublitorale området frå ebbegrensa til den nedre grensa til algevegetasjonen og eit nedre elitoralt område.