Periferieininga Kilkís
Kilkis Νομός Κιλκίς | |
---|---|
| |
Periferiar | Sentral-Makedonia |
Hovudstad | Kilkis |
Folketal | 91 828 (2005) Rangering 39. |
Areal | 2 519 km² Rangering 25. |
Folketettleik | 36/km² |
Provinsar | 2 |
Demer | 11 |
Kommunar | 1 |
Postnummer | 61x xx |
Retningsnummer | 234x0 |
Bilnummer | KI |
Heimeside | www.kilkis.gr |
Kilkis (gresk Κιλκίς) er eit prefektur i Hellas i periferien Sentral-Makedonia. Hovudstaden er Kilkis og det grenser til Pella i vest, Thessaloniki i sør, Pieria i aust og Republikken Makedonia i nord.
Geografi
Fjella Paiko ligg i vest, vestlege delar av Kerkini i nordaust og Krousio i aust. Doiranisjøen ligg i nord.
Klima
Dei sørlege områda av Aksiosdalen har middelhavsklima, elles er klimaet hovudsakleg kontinental med kalde vintrar i høgareliggande område.
Historie
Områda som i dag utgjer prefekturet bestod av fleire kongeriket før det vart invadert av Makedonia, som seinare styrte over området. Styret deira enda etter den tredje makedonske krigen og det vart ein del av Romarriket. Etter at Romarriket vart delt i to i 395 vart Kilkis ein del av Austromarriket. Det vart så gjeve til Bulgaria og vart busett av bulgarar. På 1400-talet kom området inn under Det osmanske riket, som hadde det fram til den første balkankrigen i 1912, då det vart teke av Bulgaria igjen. I den andre balkankrigen i 1913 erobra den greske hæren området og det vart endeleg annektert og ein del av Hellas. Mange grekarar frå Lilleasia kom til Kilkis etter den gresk-tyrkiske krigen i 1922 og som følgje folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia skildra i Lausannetraktaten. Området vart då igjen gresktalande.
Fram til 1939 var området ein del av Thessaloniki prefektur, før det vart eit eige prefektur. Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen måtte mykje av prefekturet byggjast opp att. Folketalet auka, men mange emigrerte óg frå landet.
Demer og kommunar
Deme | YPES-kode | Sete (om forskjellig) | Postnummer | |
---|---|---|---|---|
Axioupoli | 2801 | 614 00 | 23830-3 | |
Kherso | 2812 | 610 02 | 23410-5 | |
Doirani | 2804 | 610 03 | 23410-9 | |
Evropos | 2805 | 610 02 | 23430-6 | |
Gallikos | 2802 | Kampani | 611 00 | 23430-42 |
Goumenissa | 2803 | 613 00 | 23430-4 | |
Kilkis | 2806 | 611 00 | 23410-2 til 7 | |
Kroussa | 2807 | Terpylos | 611 00 | 23410-4 |
Mouries | 2809 | Stathmos Mourion | 610 03 | 23410-31 |
Pikrolimni | 2810 | Mikrokampos | 570 01 | 23431-9 |
Polykastro | 2811 | 612 00 | 23430-2 | |
Kommune | YPES-kode | Sete (om forskjellig) | Postnummer | |
Livadia | 2808 | 614 00 | 23430-3 |
Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kilkis Prefecture frå Engelsk Wikipedia .