[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Tepui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 11. oktober 2011 kl. 01:06 av EmausBot (diskusjon | bidrag) (r2.6.4) (robot la til: ka:ტეპუი)
Kukenan tepui.

Tepui er ei nemning for platåfjell som finst i høglandet Guayana, dei fleste i Venezuela. Desse geologiske formasjonane ligg ikkje i typiske fjellkjeder, men reiser seg opp spreitt over høglandet. Området huser ei unik samling av endemiske planteartar og dyreartar. Nokre av dei finaste døme på tepui er Autana, Auyantepui og Roraima. Dei er fjell i prekambrisk sandstein, vanskelege å klatre, reiser seg bratt opp frå jungelen og utgjer eit særs iaugefallande naturlandskap. Auyantepui har vasskjelda til Angelfossen, verdas høgste foss.