[go: nahoru, domu]

Hopp til innhald

Tsjernivtsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 6. august 2023 kl. 05:58 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (Attenderulla endring gjord av 103.5.140.134 (diskusjon) til siste versjonen av Ranveig)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Tsjernivtsi
ukrainsk Чернівці, rumensk Cernăuți
by
Teateret i Tsjernivtsi
Flagg
våpen
Kallenamn: Vesle Wien[1][2]
Land  Ukraina
Oblast Tsjernivtsi oblast
Kommune Tsjernivtsi bykommune
Del av Chernivtsi Raion
Høgd 248 moh.
Koordinatar 48°18′0″N 25°56′0″E / 48.30000°N 25.93333°E / 48.30000; 25.93333
Areal 153 km²
Folketal 240 600  (2001[3])
Folketettleik 1 573 / km²
Først nemnd 1408
 •  grunnlagd 2 1300-talet
Borgarmeister Mykola Fedoruk
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 58000
Retningsnummer +380 372
Kart
Tsjernivtsi
48°17′27″N 25°56′04″E / 48.290833333333°N 25.934444444444°E / 48.290833333333; 25.934444444444
Kart som viser Tsjernivtsi.
Kart som viser Tsjernivtsi.
Kart som viser Tsjernivtsi.
Wikimedia Commons: Chernivtsi
Nettstad: http://www.city.cv.ua/

Tsjernivtsi (ukrainsk skrift Чернівці́, rumensk Cernăuți) er ein by sørvest i Ukraina, ved den øvre leia til elva Prut. Tsjernivtsi er det administrative senteret i Tsjernivtsi oblast (provins) - den nordlege, ukrainske delen av den historiske regionen Bukovina. Byen har kring 240 000 innbyggjarar (2001).[3]

I lag med byen Lviv vert Tsjernivtsi rekna som eit kulturelt senter i det vestlege Ukraina. Historisk sett var Tsjernivtsi derfor kalla «Vesle Wien».[1][2] Byen er òg eit stort trafikknutepunkt for veg og jernbane og husar ei internasjonal lufthamn.

I tillegg til det ukarainske namnet Tsjernivtsi har byen ulike namn på andre språk som har blitt brukt av desse språkgruppene gjennom tidene: Rumensk Cernăuți, tysk og jiddisch Czernowitz, polsk Czerniowce, ungarsk Csernovic, russisk Черновцы́, Tsjernovtsy (til 1944 Чернови́цы, Tsjernovitsy).[4]

Tsjernivtsi ligg i den historiske regionen Bukovina, som òg strekkjer seg inn i Romania i sør. Byen ligg 248 meter over havet og er omgjeve av skogar og sletter. Elva Prut renn gjennom byen.

Klima

Vêrdata for Tsjernivtsi
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 15,3 21,3 24,6 30,7 33,5 35,6 37,4 37,7 36,3 31 23,8 17,9 37,7
Gjennomsnittleg maks °C 0,1 1,7 7,2 14,5 20,4 23,1 25,1 24,6 19,6 13,8 6,1 0,9 13,1
Døgnmiddeltemperatur °C −2,9 −1,8 2,7 9,2 14,9 18 19,8 19,1 14,3 8,8 2,6 −1,9 8,6
Gjennomsnittleg min °C −5,7 −4,7 −0,9 4,6 9,8 13,3 15,1 14,4 9,9 4,9 −0,2 −4,4 4,7
Lågast målte °C −30,7 −29 −20,7 −13,6 −2 3 7,4 3,4 −4,4 −9,7 −17,5 −28 −30,7
Gjennomsnittleg nedbør mm 26 30 32 47 75 88 97 75 50 36 32 33 621
Gns. dagar med regn 7 7 11 16 17 18 15 13 13 13 12 9 151
Kjelde: Pogoda.ru.net[5]
Måleri av Anastasija Markovitsj i høve 600-årsjubileet til byen.

Frå 1775 var Tsjernivtsi ein del av den austerrikske provinsen Bukovina; før denne tida hadde byen høyrt til det rumenske fyrstedømmet Moldavia. Dei bukovinske byane Siret og seinare Suceava var dei første hovudstadene i fyrstedømmet. Da Austerrike-Ungarn vart oppløyst i 1918 vart området kring Tsjernivtsi innlemma i Romania, og slik vart det verande til 1940, då området vart okkupert av Sovjetunionen. I løpet av andre verdskrigen vart området tilbakeført til Romania, men deretter teke over av Sovjetunionen att og innlemma i Den ukrainiske sovjetrepublikken. Sidan 1991 har Tsjernivtsi vore del av det sjølvstendige Ukraina.

Tsjernivtsi var staden for den aller første jiddische språkkonferansen.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

1. januar 1998 var folketalet i byen ca. 295 000. Av desse var ca. 172 000 ukrainarar, 46 000 russarar, 29 000 rumenarar (av desse ca. 15 000 moldavarar), 7 000 polakkar.

Ifølgje den offisielle ukrainske folketeljinga frå 2001 var folketalet på det tidspunktet ca. 240 600 og talet på nasjonalitetar 65. Av desse var 189 000 (79,8 %) ukrainarar, 26 700 (11,3 %) russarar, 14 400 (6,1 %) rumenarar, 1 400 (0,6 %) polakkar, 1 300 (0,6 %) jødar og 2 900 (1,2 %) høyrde til andre folkegrupper.

I 1930 var befolkninga ifølgje ei rumensk folketeljing 26,8 % jødisk, 23,2 % rumensk, 20,8 % tysk, 18,6 % ukrainsk og 1,5 % russisk. Det jødiske samfunnet i byen talde om lag 50 000 menneske, og ca. helvta av dei overlevde krigen takk vere intervensjon frå ein rumensk advokat og reserveoffiser som heitte Theodor Criveanu.

I Romania blir byen Cernăuţi rekna å ha ei rik historie som eitt av dei viktigaste rumenske kultur- og utdanningssentera.

Romania opna generalkonsulat i Tsjernivtsi i mai 1999.

Folk frå Tsjernivtsi

[endre | endre wikiteksten]
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]