Zaovinesjøen
Zaovinesjøen | |||
innsjø | |||
Panoramabilete
| |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Kunstig | ||
Tilsig | Beli Rzav | ||
Utløp | Beli Rzav | ||
Høgd over havet | 892 moh. | ||
Areal | 15 km² | ||
Middeldjupn | 80 m | ||
Volum | 15 millionar m³ | ||
Koordinatar | 43°52′N 19°24′E / 43.87°N 19.40°E | ||
Byar | Zaovine | ||
Zaovinesjøen 43°52′N 19°24′E / 43.87°N 19.4°E | |||
Wikimedia Commons: Zaovine Lake |
Zaovinesjøen (serbisk Заовинско језеро eller Zaovinsko jezero) er ein kunstig innsjø vest i Serbia i Tarafjellet. Han vart skapt i elva Beli Rzav som eit reservoar for vasskraftverket Bajina Bašta II.
Zaovine ligg på sørsida av Tarafjellet i retning mot fjellet Zvijezda, som markerer grensa mellom Serbia og Bosnia-Hercegovina. Han strekkjer seg mellom landsbyane Zaovine i sørvest og Mitrovac, ein stor turiststad i Tara, i nordaust.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Zaovine vart skapt 1981-1983 då Beli Rzav vart demd opp av ei 125 meter høg demning.[1] Han er knytt til elva Drina.
Eigenskapar
[endre | endre wikiteksten]Innsjøen dekkjer eit område på 15 km² og har fem greiner. I periodar med høg vassføring i Drina, vert det pumpa vatn frå Drina og inni Zavoine gjennom ein 8 km lang røyrleidning. Når det motsette er tilfelle, vert vatn pumpa tilbake til Drina, og det vert produsert straum av turbinar langs røyrleidninga.[2]
Dyreliv
[endre | endre wikiteksten]Heile innsjøen høyrer til Tara nasjonalpark, ein av fem i Serbia. Han er omgjeve av store skogar. Det var her den endemiske serbiske grana i 1875. Det finst over 600 planteartar rundt innsjøen og 15 av desse er lovmessig verna, mellom anna den serbiske grana og edelveis. Av dyreliv finn ein gemse og 14 fiskeartar, mellom andre regnbogeaure, årbuk og donaumort.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zaovinesjøen» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Jovan Đ. Marković (1990). Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije (på serbokroatisk). Sarajevo: Svjetlost. ISBN 8601026516.
- ↑ Protection of natural values of Tara NP (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 26. juni 2007, henta 26. juni 2007