Årsetfjorden
Årsetfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Årsetfjorden 65°03′32″N 11°54′46″E / 65.05888889°N 11.91277778°E |
Årsetfjorden er ein fjordarm av Lekafjorden i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 14 km nordaustover til Bogen og Valastraumen i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Hestvikodden i aust og Gulholmen i vest og går først sørover under namnet Råsa. Ved Draglandsodden snur fjorden nordaustover. Her går òg Gravvikvågen sørover til Gravvik. Fjorden går nordaustover på sørsida av øya Austra. Midt inn i fjorden ligg garden Årset, som har gjeve namn til fjorden, på nordvestsida av fjorden.
Heilt inst i fjorden går grensa mellom Nord-Trøndelag og Nordland. Bogen er ei grend på Austra i Nordland og her ligg Valastraumen, eit smalt sund, som går nordover til fjordarmen Valen i Kjelda.
Riksveg 771 går langs austsida av fjorden og kryssar Valastraumen før han går vidare nordover på Austra. På vestsida av fjorden ligg Fv523 65°1′49.001″N 11°50′30.797″E / 65.03027806°N 11.84188806°E