Carlo Janka
Carlo Janka | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 15. oktober 1986 (37 år) Obersaxen |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 2014, Alpint under Vinter-OL 2010 – Storslalåm menn |
Utmerkingar | Skieur d’Or |
Carlo Janka (fødd 15. oktober 1986) er ein sveitsisk skirennar frå Obersaxen i kantonen Graubünden.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Janka debuterte i verdscupen i alpint i desember 2005, og tok sine fyrste poeng i desember 2006 med ein 20. plass i storslalåm i Alta Badia.
I utforrennet i Lake Louise i Canada 29. november 2008 suste Janka, frå startnummer 65, inn til ein overraskande andreplass. To veker seinare, 13. desember 2008, tok han steget heilt til topps i storslalåmrennet i Val-d’Isère og sikra seg dermed sin fyrste siger i verdscupen. Under alpin-VM i Val-d’Isère i februar 2009 vart han verdsmeister i storslalåm og fekk bronse i utfor. I 2008/09-sesongen vann han også pokalen som bestemann i den alpine kominasjonen av verdscupen.
Janka var i 2010-sesongen den beste skialpinisten i verda. Under vinter-OL i Vancouver vann han gull i storslalåm, kom på fjerdeplass i den alpine kombinasjonen, åttandeplass i super-G og på ellevteplass i utfor. Han vann verdscupen samanlagt og vart nummer to både i storslalåmcupen, utforcupen og kombinasjonscupen.
I 2011 vart han nummer tre i den totale verdscupen, bakom Ivica Kostelić frå Kroatia og sin eigen landsmann, Didier Cuche. Seks gongar kom han på pallen i verdscuprenn, hans einaste siger kom i storslalåm i Kranjska Gora i mars månad. 2012-sesongen vart heller mislukka for Janka, med ei einaste pallplassering.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Dato | Stad | Renn | Medalje/plassering |
---|---|---|---|
13. februar 2009 | Storslalåm | ||
7. februar 2009 | Utfor | ||
23. februar 2010 | Storslalåm | ||
9. februar 2011 | Super-G | Nr 7 | |
18. februar 2011 | Storslalåm | Nr 7 |
Verdscupsigrar
[endre | endre wikiteksten]Dato | Stad | Øving |
---|---|---|
13. desember 2008 | Storslalåm | |
16. januar 2009 | Superkombinasjon | |
4. desember 2009 | Superkombinasjon | |
5. desember 2009 | Utfor | |
6. desember 2009 | Storslalåm | |
16. januar 2010 | Utfor | |
7. mars 2010 | Super-G | |
12. mars 2010 | Storslalåm |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carlo Janka» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Carlo Janka» frå Wikipedia på tysk, den 27. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Carlo Janka – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Einskildmenn
- Fødde i 1986
- Sveitsiske alpinistar
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Olympiske meistrar for Sveits
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2010
- Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2010
- Alpinistar under vinter-OL 2010
- Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2014
- Alpinistar under vinter-OL 2014
- Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2018
- Alpinistar under vinter-OL 2018