Al-Asharah
Al-Asharah | |||
العشارة | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Deir ez-Zor guvernement | ||
Distrikt | Mayadin-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Asharah | ||
Koordinatar | 34°55′13″N 40°33′34″E / 34.92028°N 40.55944°E | ||
Folketal | 17 537 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Al-Asharah 34°55′13″N 40°33′34″E / 34.920277777778°N 40.559444444444°E | |||
Kart som viser Al-Asharah.
|
Al-Asharah (arabisk العشارة, òg skrive al-Ashareh eller Esharah) er ein by aust i Syria i Deir ez-Zor guvernement, langs Eufrat, sør for Deir ez-Zor. Av stader i nærleiken finn ein al-Quriyah i nordaust, Makhan og Mayadin i nord, Suwaydan Jazirah i søraust og Dablan i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Asharah eit folketal på 17 537 i 2004. Han er det administrative setet i ein nahiyah («underdistrikt») som består av sju busetnader med eit samla folketal på 96 001 i 2004. Al-Asharah er den tredje største staden i nahiyah.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Al-Asharah er bygt over den gamle arameisk-assyriske busetnaden Terqa.[3][4] Ein stele frå 886 fvt. til ære for den sigrande assyriske kongen Tukulti-Ninurta II over aramearane, vart funnen i al-Asharah. Stelen står i dag i Nasjonalmuseet i Aleppo.[3] Terqa var hovudstaden i det assyriske kongedømet Khana og utvikla seg fram til slutten av bronsealderen då nedgangstida byrja. Utgravingar i al-Asharah har synt spor av at Terga bestod av urbane institusjonar og at innbyggjarane hadde utnytta jorda i området til økonomisk fordel.[4]
Midt på 1800-talet vart det nemnt av Bombay Geographic Society at al-Asharah var ein «liten by» som bestod av ei uorganisert gruppe arabiske hytter og ein folkesetnad med tradisjonar som tydde på at staden var særs gammal.[5] Frå kring den tida til oppløysinga av Det osmanske riket i 1917, tente al-Asharah som senteret i ein kaza («distrikt»), med same namn og som var ein del av det større Zor sanjak. Kazaen hadde to nawahi: al-Asharah og al-Busayrah.[6]
I 1920 vart det halde eit møte mellom embetsmenn og offiserar i Sharif-armeen og det gryande kongedømet Syria i al-Asharah leia av Emir Faisal. Her forhandla ein over grensene mellom Syria og Irak og det vart fastsett at Abu Kamal skulle bli verande ein del av provinsen Deir ez-Zor i Syria.[7]
Tidleg i 1960-åra vart al-Asharah skildra som ein liten landsby bygt på ein kunstig haug der Terqa stod.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al-Asharah» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Boulanger, Robert (1966). The Middle East, Lebanon, Syria, Jordan, Iraq, Iran. Hachette.
- Nelles Guide (1999). Syria and Libanon. Hunter Publishing, Inc. ISBN 3886181057.
- Rush, Alan de Lacy (2001). Records of Iraq, 1914-1966 2. Archive Editions. ISBN 1852078200.
- Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster.
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Deir az-Zawr guvernement. (arabisk)
- ↑ Smith, 1841, s. 174.
- ↑ 3,0 3,1 Nelles Guide, 1999, s. 127.
- ↑ 4,0 4,1 Kuhne, s. 134.
- ↑ Bombay Geographic Society, 1844, s. 180.
- ↑ Zor Mutasarrıflığı. Tarih ve Medeniyet. 2009.
- ↑ Rush, s. 263.
- ↑ Boulanger, 1966, s. 490.